Tilrettelegging i kroppsøving

Kroppsøving
Hjelpeartikkel

Kroppsøving er ein arena for mestring, fellesskap, motorisk utvikling og kroppslig erfaring . Fysisk aktivitet er som kjent forbunde med ei rekke positive fordelar for den biopsykososiale helsa. Faget kan også vere med å danne grunnlaget for et fysisk og sosialt aktiv liv.

Kroppsøving kan med andre ord bidra til å fremje helse og forebygge uhelse.I ungdomsskule og vidaregåande skule kan manglande deltaking i kroppsøving (både gyldig og ugyldig fravær) føre til at eleven ikkje får karakter i faget.
Dette kan i neste omgang vanskeliggjere søknad til videregåande skule eller høgare utdanning og lærlingplass. Det viser seg også at ungdommar som droppar ut av videregåande skule, startar med å droppe ut av kroppsøvingstimane først. Vi veit at fråfall frå videregåande opplæring både gir individuelle og samfunnsøkonomiske uheldige konsekvensar.

For å forebygge fråfall frå kroppsøvingsundervisning vil det vere viktig at elevar får tilrettelagt undervisningsopplegget etter sine forutsetningar. På denne måten kan vi auke sjansen for at også desse elevane opplev mestring i og motivasjon til faget.

Dette er også i tråd med forskrift til Opplæringslova.

I Kroppsøvingsprosjektet har vi derfor jobba med å betre samhandling mellom helsetjeneste og skule i situasjonar kor ein elev har behov for tilrettelagt kroppsøvingsundervisning.

Resultatet er to ulike skjema for tilrettelegging som kan brukes av fastlegar/elevar og fysioterapeutar.

«Anbefaling for tilrettelegging i kroppsøving»:  Skjema for fastlegar

Alle fastlegar i Bergen kommune og alle elevar i videregående opplæring i Vestland Fylkeskommune har no tilgang til skjemaet «Anbefaling for tilrettelegging i kroppsøving». Dette er eit skjema som skal bidra til at elevar som har helseutfordringar som vanskeliggjer deltaking i ordinær kroppsøvingsundervisning, skal få tilrettelagt undervisning etter sin helsetilstand i samråd med anbefaling frå fastlegen.

Gå til skjema

«Anbefaling for tilrettelegging i kroppsøving»: Skjema for fysioterapeutar

Alle fysioterapeutar på Haukeland Universitetssykehus vil vektlegge viktigheten av deltaking i kroppsøving i møte med pasientar i skulepliktig alder. Fysisk aktivitet er i nesten alle tilfeller, uavhengig sjukdom og diagnose, bra for å forebygge utviklinga av eit helseproblem.

Vidare vil pasientar som har behov for mindre tilretteleggingstiltak i kroppsøving, kunne få tilsendt eit brev som pasienten kan ta med til sin kroppsøvingslærer. Brevet inneheld informasjon om anbefalte tilretteleggingstiltak for pasienten, og er basert på ein faglig vurdering fra fysioterapeuten.

Pasientar som har store behov for tilrettelegging i kroppsøving, vil bli henvist lokal fysioterapeut.
Sykehusskolen på Haukeland Universitetssykehus vil benytte tilsvarande skjema.

Gå til skjema

Det er viktig å merke seg at tiltaka beskrive i skjema frå fastlege, fysioterapeut og sjukehusskule er meint som anbefalingar;
Tilretteleggingstiltak er til sjuande og sist skulen og den aktuelle lærar si avgjering ut i frå fagleg vurdering og ressursar tilgjengelig på skulen.

Ta kontakt med Malene Joensen i Helse Bergen for meir informasjon om prosjektet.