Folkehelsekonferansen Vest 2025: Kraft til å bere?

22
.
August
2025
9:00
250
Kraft til å bere

God folkehelse er ein av grunnsteinane i eit berekraftig samfunn. Under Folkehelsekonferansen Vest utforskar vi korleis vi kan samle krafta vi treng for å bere framtida.

God folkehelse og aktiv deltaking gir livskvalitet for den einskilde – og er heilt naudsynt for at samfunnet skal gå rundt. Likevel slit ein aukande del nordmenn med psykiske plager, fleire står utanfor arbeid og utdanning, og vi har ei befolkning som aldri har sitte meir stille. Kven har ansvaret – og kvifor er det alltid nokon andre sitt problem? Korleis prioritere forebygging når dei økonomiske rammene blir trongare? Har vi eigentleg kraft til å bere velferdsstaten fram for neste generasjon?

På Folkehelsekonferansen Vest samlar vi krefter for å utforske korleis vi kan sikre deltaking, livskvalitet og mestring for framtidas innbyggarar.

Student? 

Då kan du få gratis billett til konferansen!
Vi deler ut 20 gratis billettar til studentar som vil delta på konferansen.

Send en mail til malene.joensen@idrettsklyngevest.no innan 10.august - første student til mølla! 

PROGRAM

09:00: Opning

Opning av konferansen ved:

  • Jon Askeland (Fylkesordførar iVestland fylkeskommune)
  • Marte Joan Monstad (Byråd for eldre, helse og omsorg i Bergen kommune)
Fylkesordførar Jon Askeland (foto: Martin Håndlykken) og byråd Marte Joan Monstad (foto: Andrew M.S. Buller)

09:20: Kraft til å bere: Tidleg investering

Sparar du i fond? Det gjer du nok! For du veit jo at ei lita investering i dag kan gje stor gevinst seinare.  

Men kvifor gjeld ikkje same logikk for folkehelsa? Kvifor ventar vi til folk blir sjuke før vi gjer noko? Er helsefremming- og førebygging blitt meir et honnørord enn ein realitet?  Og kven går det ut over om vi ikkje investerer?

I denne bolken undersøker vi kvifor tidleg investering er smart, og korleis vi kantenke helsefremjing- og førebygging på ein ny måte.

Innleiarar: 

  • Ole Andreas Hovda, spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
  • Kristoffer Chelsom Vogt, professor i sosiologi
Ole Andreas Hovda og Kristoffer Chelsom Vogt (foto: Eivind Senneset, UiB)

10:25: Pause

Kos deg med ein kopp kaffi og samtalar med andre frammøtte.

10:55: Kraft til å bere: Utdanning og fritid, del 1

Skule og fritidsaktivitetar formar kvardagen til barn og unge, og er dermed nokre av dei viktigaste folkehelsearenaene vi har. Men gode oppvekstmiljø kjem ikkje av seg sjølv – dei må skapast.
Korleis kan vi  legge til rette for at alle barn og unge får delta i trygge og gode fellesskap, og kva gjer vi med dei som fell utanfor?  

I denne bolken ser vi nærare på kva skule- og fritidsaktivitetar betyr for folkehelsa, og vi blir kjent med konkrete tiltak som fremjar gode oppvekstvilkår.

Innleiarar: 

  • Hanne Mikkelsen, samfunnsarbeid/stipendiat
  • Tonje Fyhn, forsker og avdelingsleder i NORCE
  • Bjørg Pedersen, rektor, Nykronborg skole
Hanne Mikkelsen, Tonje Fyhn og Bjørg Pedersen

12:00: Lunsj

Nyt ein berekraftig og smakfull lunsj i den flotte kantina på Vestlandshuset.
Lunsjen er inkludert i konferanseavgifta.

12:50: Kraft til å bere: Utdanning og fritid, del 2

Vi fortsett den spennande bolken frå før lunsj, og vi får høyre meir om kva rolle fritidsaktivitetar spelar for folkehelsa.

Innleiarar: 

  • Andreas Roaldsnes, Seniorrådgiver, seksjon for analyse, Byrådsavdeling for næring, kultur og idrett, Forsker, Ph.d., Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB
Andreas Roaldsnes

13:10: Kraft til å bere: Robust for framtida

Det er ingen helseplager som kostar oss nordmenn fleire gode leveår enn psykiske helseplager, og det er denne gruppa helseplager osm utgjer ein av dei største utgiftspostane på helsebudsjettet. Tiltak som styrkar robustheita vår til å møte krevjande periodar i livet er difor ei viktig investering, og synast å vere meir nødvendig enn nokon gong.

I denne delen blir vi betre kjent med eit slikt tiltak, nemleg ABC for god psykisk helse, ein nasjonal folkehelsekampanje – som består av tre enkle grep som kan styrke di eiga og andre si psykiske helse.

Innleiarar: 

  • Steinar Krokstad, professor i sosialmedisin ved HUNT forskningssenter, Institutt for samfunnsmedisin og sykepleie, Fakultet for medisin og helsevitenskap
  • Ruth Donovan, sjukepleiar og prosjektleiar, Hamarøy kommune
Steinar Krokstad og Ruth Donovan

13:55: Pause

14:05: Kraft til å bere? Vi har jo ikkje råd til å la vere!

Når sjukefråværet eigentleg startar i barnehagen, burde vi då ikkje satse langt meir på helsefremmande og -førebyggande tiltak for barn og unge? Kvifor prioriterer vi det ikkje, og kvifor er det alltid nokre andre sitt ansvar?

Simon Øverland, utvalgsmedlem i prioriteringsutvalet, gjev oss innsikt i årsaker og konsekvensar av manglande prioriteringar på folkehelseområdet. Deretter utfordrar vi stortingskandidatar på kva dei vil gjere for folkehelsa om dei kjem på Stortinget i haust.

Innleiar: 

  • Simon Øverland, professor ved Universitetet i Bergen
Simon Øverland

Bekrefta politikarar (oppdaterast løpande): 

  • Torbjørn Vereide (1.kandidat, Sogn og Fjordane, Arbeiderpartiet)
  • Liv Kari Eskeland (4.kandidat, Hordaland, Høgre)
  • Kjersti Toppe (1.kandidat, Hordaland, Senterpartiet)

15:15: Avslutning

Arrangørar: 

Bak Folkehelsekonferansen Vest står Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Alrek helseklynge og Idrettsklynge Vest.