Arendalsuka: Førebygging? Ja, takk! Så lenge eg slepp rekninga!

13
.
August
2025
10:30
Gratis

Skal du til Arendalsuka? 
Ta turen innom Grasrotscena på Steenhuset Vinbar og bli med oss å diskutere samhandling og forebygging!

Dato: 13.august

Tidspunkt: 10.30-11.30

Stad: Grasrotscena, Steenhuset Vinbar (Bakgården), Teaterplassen 1, Arendal

Les meir på Arendalsuka sine nettsider.

‍

I eit Noreg kor helsekøane blir lengre og ressursane færre, snakkar alle varmt om helseførebyggande arbeid. Men når det kjem til kven som faktisk skal gjere jobben – og betale for han – blir det plutseleg stille.

‍

Idretten blir ofte løfta fram som ein sentral folkehelseaktør som bidreg til god livskvalitet, helse og fellesskap for den enkelte. Men trass i at idretten kvar dag gjer jobben på grasrota, finst det knapt strukturert samarbeid med helsevesenet. Kvifor?

‍

Kan betre samhandling mellom helse og idrett vere det som får fart på førebygginga vi snakkar så mykje om, men investerer så lite i?

Kva står i vegen? Kven har viljen? Og kven tør ta ansvaret – og reikninga?

‍

Under denne debatten utfordrar vi sentrale skikkelsar innanfor helse- og idrettspolitikken for å diskutere førebygging, folkehelse og samhandling.

‍

Innleiing med Maja Eilertsen, legespesialist i samfunnsmedisin, ph.d.-stipendiat ved Folkehelseinstituttet

Debattpanelet: 

  • Zaineb Al-Samarai, Idrettspresident, Norges Idrettsforbund
  • Erlend Hanstveit (Ap), Statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet
  • Erlend Svardal Bøe (H), Stortingsrespresentant og medlem av Helse- og omsorgskomiteen
  • Maja Eilertsen, legespesialist i samfunnsmedisin, styremedlem i Folkehelseforeningen
  • Jon Askeland (Sp), Fylkesordførar i Vestland fylkeskommune og styreleiar i Idrettsklynge Vest

‍

Ordstyrar: Malene Joensen, dagleg leiar i Idrettsklynge Vest.

‍

Arrangørar: 

  • Vestland idrettskrets
  • Viken idrettskrets
  • Folkehelseforeningen
  • Idrettsklynge Vest

Vi ser fram til ein god debatt! 

‍

‍