La oss leke sammen! Helse og idrett skaper fritid for alle

3
.
September
2025
13:00
Frå 200 kr
Konferanselogo

KLUSS I VEKSLINGANE? 

Alt for mange barn og unge med særskilte behov fell utanfor fritidsaktivitetar. Ofte skuldast dette dårlige vekslingar mellom alle dei tenestene som inngår i barn og unge sine liv.

Vi som tilbyr alle desse tenestene må bli betre kjent - ja, vi må rett og slett leike meir saman!

VI HAR LYST PÅ NYE LEIKEKAMERATAR! 

Vi inviterer difor deg som arbeidar, studerer, forskar eller er frivillig innanfor helse, sosial- og/eller idrett, og som er opptatt av barn og unge sine moglegheiter til å delta i fritidsaktivitetar, til den nasjonale konferansen
"La oss leike sammen! Idrett og helse skaper fritid for alle!"

FORKONFERANSE: 

ONSDAG 3.SEPTEMBER

TID: 13.00-15.00

STAD: Energisentert for barn og unge, Bergen

DETALJERT PROGRAM: Klikk her

PÅMELDING: Klikk her

LA OSS BLI BETRE KJENT! 

HOVUDKONFERANSE DAG 1:

ONSDAG 3.SEPTEMBER

TID: 16.00-20.30

STAD: Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad, Bergen

PÅ PROGRAMMET: Blant anna Team Pølsa-deltakar Sunniva Spangelo, advokat Geir Lippestad, paralympisk meister Tommy Urhaug, stipendiat Linn Engdahl-Høgåsen
Sjå fullstendig program her (oppdaterast fortløpande).

PÅMELDING: Klikk her

LA OSS LEKE SAMMEN!

HOVUDKONFERANSE DAG 2:

TORSDAG 4.SEPTEMBER

TID: 08.30-15.30

STAD: Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad, Bergen

PÅ PROGRAMMET: Vi leker sammen! 
Workshop, posterutstilling og spennande foredrag.
Sjå fullstendig program her (oppdaterast fortløpande).

PÅMELDING: Klikk her

Prisar: 

FULL PAKKE: 1200 KR

Forkonferanse og hovudkonferanse. Inkludert mat og drikke.

HOVUDKONFERANSE: 800 KR

Inkludert mat og drikke.

BERRE FORKONFERANSE: 200 KR

Inkludert lunsj og drikke.

FULL PAKKE - STUDENT: 600 KR

Forkonferanse og hovudkonferanse. Inkludert mat og drikke.
Med godkjent studentbevis.

HOVUDKONFERANSE - STUDENT: 400 KR

Forkonferanse og hovudkonferanse. Inkludert mat og drikke.
Med godkjent studentbevis.

Student og ikkje moglegheit til å ta del i heile konferansen? 
Kontakt malene.joensen@idrettsklyngevest.no, så finn vi ei løysing :-) 

Reise og hotell: 

Hotell: 

Vi har ikkje eige konferansehotell, men det finst ei rekke hotell i Bergen sentrum med enkel tilgang til Bybanen – og dermed kort reiseveg til begge konferanselokasjonane.

Hotell i nærleiken av Danmarksplass bybanestopp: 

  • Citybox Danmarksplass
  • Magic Hotel Solheimsviken
  • Moxy Bergen

Hotell i nærleiken av Bystasjonen bybanestopp: 

  • Scandic Ørnen
  • Citybox Bergen

Hotell i nærleiken av Nonnesæter bybanestopp/Bergen togstasjon: 

  • Grand Hotel Terminus
  • Sander K Hotel

Hotell i nærleiken av Byparken bybanestopp: 

  • Scandic Byparken
  • Hotel Norge by Scandic
  • Magic Hotel Xhibition
  • Scandic Bergen City

Reise til og frå Flesland lufthavn: 

  • Bybanen linje 1 går frå Flesland til Byparken og tar ca. 40 min. Bybanen kostar ca. 50 kr for ein enkelt vaksenbillett, som kjøpast i appen til Skyss eller i automat på stoppet.
  • Flybussen går frå Flesland til Bergen sentrum.
    Sjå stoppestader her. Du kan kjøpe billett hos konduktør eller på nett. Kjøper du på nett får du ein billegare billett.

Reise til Energisenteret for barn og unge: 

Vi anbefalar å ta Bybanen linje 2 til stoppet som heiter Haukeland Universitetssjukehus. Her i frå går du opp utgangen som peikar mot Haukeland Universitetssjukehus. Når du kjem på gateplan, fylgjer du Haukelandsbakken opp til Glasblokkene.

Reise til Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad: 

Vi anbefalar å ta Bybanen linje 1 eller 2 til stoppet som heiter Kronstad. Du finn oss rett innanfor hovudinngongen til Høgskulen på Vestlandet som ligg like ved stoppet.

Og du? 

Syns du to dagar i Bergen blir litt lite? Då anbefalar vi at du også melder deg på Landsturneringsseminaret: La oss spille sammen! som vi arrangerar i forbindelse med Landsturneringen dagen etter, 5. september. Her skal vi lære meir om å bygge eit lag, møte kloke utøvarar og inspirerande trenarar, og vise gode dømer på inkluderande idrettsaktivitetar.