Støtte til forsking på VM i Vektløfting!
I mai kom den gode nyheita om at FORREGION Vestland vil støtte Idrettsklynge Vest med 400 000 kr til forsking på VM i vektløfting.

Frå prøve-VM i Førde. Foto: Sol Fure // VM i Vektløfting
FORREGION (Forskingsbasert innovasjon i regionane) er ei satsing som blant anna skal bidra til forskingsbasert innovasjon og berekraftig verdiskaping. Idrettsklynge Vest har fått tildelt midlar frå FORREGION til forprosjektet "Event, sustainbility and regional growth" som skal sjå nærare på VM i vektløfting.
Forsking på berekraft, næringsliv og treningsvanar
Forskingsprosjektet gjennomførast av ei gruppe forskarar ved Høgskulen på Vestlandet, og består av tre arbeidspakkar.
Atanu Nath er ansvarleg for første arbeidspakke, som skal undersøke den økonomiske påverknaden VM har på det lokale og regionale næringsliv. I tillegg skal berekrafta til arrangementet kartleggast.
«Det har aldri vore arrangert eit så stort meisterskap på ein stad som Førde før. Det er difor kjempeinteressant å sjå korleis det påverkar lokale bedrifter og reiseliv. Eit så stort arrangement har stort potensiale, så det blir interessant å sjå om og korleis næringslivet utnyttar det».
Parmita Saha har leiinga i arbeidspakke to. Her skal ein undersøke kva opplevingar publikum sit igjen med etter å ha besøkt arrangementet, og kva faktorar som påverkar opplevinga deira.
«Vi er også interessert i å undersøke kven som eigentleg tek turen til Førde. Er det flest lokale publikummarar, eller kjem det også vektløftingsentusiastar frå heile verda til regionen vår? Dette er nyttig å vite for framtidige arrangørar, slik at ein i endå større grad kan tilpasse arrangementsopplevinga til «den typiske publikummar» sine preferansar».
Arbeidspakke tre er det Tom Erik Solstad og Matthew Shaw som leier. I denne arbeidspakken er målet å kartlegge kva som påverkar utøvarane sine opplevingar av meisterskapet. Dei skal også undersøke korleis utøvarane planlegg og gjennomfører trening fram mot konkurransen.
«Det er gjort lite forsking på feltet, så vi veit lite om kva faktorar knytt til sjølve arragementsgjennomføringa som påverkar deira oppleving og prestasjon. Kunnskap om dette vil vere nyttig for nye arrangørar, slik at dei best mogleg kan legge til rette for at utøvarane kan yte på sitt beste i framtidige meisterskap».
Eit rammeverk for framtidige arrangørar
Møteplassen Arrangementskompetanse og møteplassen Talent- og toppidrettsutvikling har vore med å støtte prosjektet. Funna frå forskinga vil vere nyttig for arbeid som pågår i møteplassane.
Eit viktig mål i forskingsprosjektet lage eit rammeverk for evaluering som framtidige arrangørar kan nytte seg av. Dette passar godt inn i planane til møteplassen Arrangementskompetanse, seier møteplassleiar Kjersti Halvorsen (Bergen kommune) og utdjupar:
«Vi i møteplassen ønsker å rettleie potensielle arrangørar i prosessen med å søke, gjennomføre og evaluere idrettsarrangement. Eit rammeverk som kan bidra til å styrke kvalitet og breidde i evaluering av arrangement, inklusive ringverknadar og berekraftseffektar, vil vere svært nyttig. Det vil også gjere jobben med å dele arrangørerfaringar enklare. Vi gleder oss til å implementere det på den digitale nettressursen vi jobbar med».
Både forskingsprosjektet og den digitale nettressursen er på programmet på konferansen Krafta i oss, som arrangerast 7.oktober i under VM i Vektløfting i Førde.
VM i vektløfting
Verdsmeisterskapen går av stabelen i Førde 2.-11.oktober. Det er venta mellom 600-800 utøvarar frå over 100 ulike nasjonar. TV-produksjonen blir ein av dei største idrettsproduksjonane gjennom tidene i Noreg. Rundt 600 frivillige skal i sving. Det blir med andre ord ein folkefest – og du er hjarteleg velkommen med – som frivillig og som publikum! Les meir om meisterskapen her.