Kroppsøving og fysisk aktivitet
Møteplassen kroppsøving og fysisk aktivitet arbeidar for å auke deltaking i fysisk aktivitet og kroppsøving blant born og ungdom i barnehage, skulepliktig alder og i vidaregåande opplæring.
Gjennom diskusjonar, samhandling og prosjektarbeid på tvers av organisasjonane ynskjer vi å synleggjere kor viktig fysisk aktivitet og kroppsøvingsfaget er for både barn, ungdom og samfunn. Vi ynskjer å bidra til at fysisk aktivitet og kroppsøvingsfaget oppnår auka status både hjå elevar, lærarar, barnehagar, skuleleiarar, skuleeigarar, foreldre og samfunnet elles.
Møteplassen vil også arbeide for kompetanseheving og kunnskapsdeling i og rundt fysisk aktivitet i skule og i kroppsøvingsfaget. Dei siste åra har fokuset vore mest på kroppsøvingsfaget, fordi ein plass må ein starte. I framtida håpar vi å involvere fagfolk og ildsjeler innan fysisk aktivitet både i barnehage og skule.