Krafta i oss - konferanse under VM i Vektløfting

Tysdag 7. oktober 2025 inviterer vi til arrangementskonferanse «KRAFTA I OSS» i Førde – midt i verdsmeisterskapsbyen.
Arrangement og arrangementsturisme er i vekst – og potensialet er enormt. Gjennom konferansen «KRAFTA I OSS» vil VM 2025 vere ein motor for kompetansedeling, meir samarbeid og fleire arrangement i Vestland og i Norge – frå grasrota til verdstoppen.
Her møtest arrangørar, organisasjonar og eldsjeler for å dele erfaringar, hente inspirasjon og styrke posisjonen til norsk idrett som vertskap. Du får fagleg påfyll, nettverk – og oppleve VM i vektløfting på nært hald.
Vi treng krafta i deg – velkommen til Førde!
Konferansen er gratis – avgrensa tal plassar.