Støtte til HeleMeg!
HeleMeg er eit prosjekt som skal styrke inkludering, samhold og tilhørighet blant barn og ungdommer i breddeidretten. Denne veka kom den glade beskjeden om at prosjektet får 250 000 kr i støtte til vidare utvikling og breidding.
.png)
HeleMeg
«Dette er jo heilt fantastisk! Vi ser stort potensiale i HeleMeg, og med desse midlane har vi moglegheit til å fortsette jobben» seier prosjektleiar Birthe Hodnekvam.

Ho har dei siste månadane leia prosjektgruppa som har utvikla dei tre tiltaka i HeleMeg-pakken:
1. Innsjekk: Ei kort runde der utøvarane deler korleis dei har det
2. Mentale og fysiske styrkeøvingar: Øvingar som hjelp utøvarne å sjå andre, ta plass, og tørre å feile
3. Utsjekk: Ein leiken aktivitet somavsluttar treninga på ein morosam måte.
Tiltaka passar til alle, men er særleg utvikla for unge trenarar. Birthe forklarar:
«Dei unge trenarane kan oppleve å stå aleine i vanskelege situasjonar i idrettslaga. Samstundes er dei tett på utøvarane sin kvardag og kjenner målgruppa godt. Dei er framtidas trenarar, og dirfor er det viktig å gi dei konkrete verktøy som gjer dei trygge i rolla, slik at dei har lyst til å bli verande i idretten».

I vår har tiltaka difor vore testa ut av ni unge trenarar i idrettar som innebandy, alpint, roing, fotball og handball. Fysioterapistudentar ved Høgskulen på Vestlandet har bidratt i evalueringsarbeidet knytta til utprøvinga. Dei finn blant anna at både utøvarar og trenarar trivs godt med tiltaka i HeleMeg. I intervju nemner trenarane at tiltaka er gjevande og bidreg til auka fellesskapskjensle i laget. Alle trenarane seier dei vil nytte HeleMeg etter pilotperioden. Funna er med andre ord lovande, og det blir spennande å sjå kva effektar ein ser av HeleMeg på lengre sikt.
Dei fann blant anna at både utøvarar og trenarar trivdes med tiltaka, og at fleire av trenarane ville fortsette med HeleMeg også etter pilotperioden.
Med midlane frå Sparebanken Norge er planen å breidde HeleMeg til fleire idrettslag og unge trenarar, samt å forske på effekten av tiltaka.
«Vi gleder oss veldig til å fortsette å utvikle HeleMeg, og ikkje minst til å få endå meir kunnskap om korleis tiltaka fungerer!»
Prosjektgruppa har bestått av ressurspersonar frå Høgskulen på Vestlandet, Helse Bergen, Vestland Idrettskrets og Ungdomsutvalet i Vestland Idrettskrets. Birthe er ikkje i tvil om at koplinga mellom ulike fag, organisasjonar og perspektiv i prosjektgruppaer ein sukessfaktor:
«Vi alle har tatt med oss våre særeigne styrkar, kompetansar og erfaringar inn i samarbeidet, og det gjer at sluttproduktet i sum blir betre enn kva kvar og ein av oss kunne klart aleine. Så stor takk til Teresa Gote, Ingrid Oma Langeland, Trond Brattelid, Bodil Ryste og Magnus Hesjedal Hartwig! Dette er styrke i samspel!»
Vi takkar Sparebanken Norge, og gleder oss til å følgje prosjektet vidare over sommaren!