Sommerkroppen 2019

Video

Live sofaprat om trening og kroppspress blant ungdom, fra Litteraturhuset i Bergen.

Helsedirektoratet anbefalar at voksne er aktive minst 150 minuttar kvar veke, medan barn og unge bør vere aktive minst 60 minutt kvar dag. Det er godt dokumentert at fysisk aktivitet fører til ein rekkje gode helsegevinstar. Men trenar alle med den hensikt om å oppnå desse helsegevinstane? Eller er det #SK2019​ som er drivkrafta?

Ungdata (2018) antyder meir kroppspress og kroppsmisnøye blant ungdom. Mange brukar trening som eit verktøy for å vere fornøgd med sin eigen kropp. Men kvar går skillelinja mellom eit sunt og eit usunt fokus på kropp og trening? Kva tenker ungdommen sjølv om kroppsfokuset? Kan kroppsfokuset føre til at nokre tyr til snarvegar? Og sist, men ikkje minst, kva bør vi som foreldre, trenarar, leiarar, lærarar vere spesielt merksame på og kva kan vi gjere for å fremje gode, sunne treningsmiljø blant ungdom som ivaretar dei både fysisk, psykisk og sosialt?