VELKOMEN, VEGARD

18
.
August
2025
Nytilsett Vegard Sandven byrjar i Idrettsklynge Vest

Denne veka har Vegard Sandven sin aller fyrste veke i Idrettsklynge Vest, og vi gler oss til å ha han med på laget!

Vegard har utdanning både som ergoterapeut og har i tillegg ein bachelor i idrett og kroppsøving. Det neste året skal han kombinere 50 % stilling på Energisenteret for barn og unge på Haukeland Universitetssjukehus med 50 % stilling som prosjektkoordinator i Idrettsklynge Vest.

Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på jobben. Klyngesamarbeid og styrke i samspel er noko eg trur på. Eg er både spent, motivert og klar til å bidra i tida framover, seier Vegard.

Gjennom arbeidet på Energisenteret har Vegard mellom anna koordinatoransvar for Ungdomsrådet i Helse Bergen og er ein aktiv del av Tenester på tvers-teamet på Barne- og ungdomsklinikken. I tillegg tek han ein mastergrad på deltid i Kunnskapsbasert praksis, noko som gir han eit sterkt fagleg fundament.

Vegard har mykje relevant erfaring og solid kompetanse som kjem til å vere svært verdifull for Idrettsklynga. Eg er glad for å få Vegard med på laget, seier Malene Joensen, dagleg leiar i Idrettsklynge Vest.

Faktisk var Vegard ein av dei aller første energikonsulentane som vart tilsett gjennom IKV-prosjektet «Energikonsulentar». Difor er det ekstra fint at han no får prosjektleiaransvaret for oppfølgingsprosjektet «Aktivitetsguidar på tvers», saman med Birte Barsnes Frøyd. (Linke til eigne nettsaker her)

Utanfor jobb finn du gjerne Vegard på fjelltur, i løypa på joggetur, eller på volleyballbana (ja  - han er faktisk noregsmeister i volleyball!). Han trivst best når han kan vere i aktivitet, noko som passar perfekt for rolla hans i Idrettsklynga.

Vi ønskjer Vegard varmt velkomen til Idrettsklynge Vest, og gler oss til samarbeidet!