Gaming og eSport

Video

Ein inngang til inaktivitet eller den nye idretten?

Funn frå barn- og medier undersøkinga frå 2018 viser at 96 prosent av gutane og 63 prosent av jentene i alderen 9–18 år spelar dataspel. Hausten 2016 var Arna vidaregåande skule først ute på landsbasis med å opprette ei eiga e-sportslinje som ein del av toppidrettstilbodet. Våren 2019 signerte SK Brann sine første profesjonelle e-sportsutøvarar, og diskusjonen om e-sport skal bli ein del av dei olympiske leikar er gloheit. I Hordaland byggast det no hallar med eigne rom dedikert til e-sport, og idrettslag tilbyr tilrettelagt trening for e-sportsutøvarar.

Samtidig som dette skjer er inaktivitet ein av dei største helseutfordringane vi har på verdsbasis. Mange foreldre er bekymra for sine barn som sit stille i timesvis framfor ein skjerm kvar einaste dag. Idrettscampus Bergen invitera til ein opplysande sofaprat der vi blant anna vil ta opp følgande:

  • Kva er forskjellen på e-sport og gaming?
  • Er e-sport idrett?
  • Fostrar dataspeling inaktivitet?
  • Kva er det positive med speling?
  • Korleis påverkar speling barn og unge fysisk og mentalt?
  • Kva er forskjellen på ein e-sport utøvars kvardag og ein idrettsutøvars kvardag?
  • Kva kan idretten lære av e-sport og motsett?

I sofaen treff du:

  • Paul Joachim Bloch Thorsen – seksjonsoverlege, Energiteamet & Barneposten, PBU, Helse Bergen og grunnleggar av Bergen E-sport akademi
  • Anders Rasmussen – SK Brann sin aller første e-sport spelar
  • Michael Jørgensen – coach Olympiatoppen
  • Jørgen Johannesen aka XeqtR – bergenseren som har ei fortid som ein av verdas beste e-sport utøvarar i strategi- og lagspelet Counter-Strike
  • Per Tøien – idrettspolitisk rådgiver Norges Idrettsforbund

Vi kan bidra med

Søknadsprosess og rådgjeving

Kartlegging, utvikling av søknader (bids), dialog med offentlege instansar og bistand under søknadsprosessen.

Marknadsføring og nettverk

Innsal, presentasjonar, marknadsmateriell, kopling mot næringsliv og tilgang til nasjonale og internasjonale nettverk.

Gjennomføring og vidareutvikling

Visningsturar, tilstadevering under arrangement, kompetanseoverføring og utvikling av årlege arrangement.

Kompetansebank for arrangører

Treng du meir hjelp?

Send ein e-post til kjersti.halvorsen@bergen.kommune.no

Involverte

No items found.