Var du tilskodar eller frivillig under VM i vektløfting?
Då vil vi høyre frå deg!

Foto: VM i vektløfting // Ingeborg Sol Fure
Vi har lagt bak oss eit fantastisk verdsmeisterskap i vektløfting i Førde.
No vi er nysgjerrige på kva dette betyr for næringsliv, publikum og utøvarar.
Saman med forskarar ved Høgskulen på Vestlandet og med støtte frå FORREGION Vestland, er vi difor gått i gang med forsking på meisterskapet. Gjennom tre arbeidpakkar skal vi kartlegge kva påverknad VM har på regionen - og no treng vi di hjelp!
Vi ønskjer vi nemlig å bli klokare på kva som kjenneteiknar publikumet som besøkte Førde, og kva som påverkar deira meisterskapsoppleving.
Var du tilstades under folkefesten?
Vi blir veldig glad om du tar deg fem minutt til å svare på undersøkinga: https://www.survey-xact.no/LinkCollector?key=FKLRU7HQL51P
Undersøkinga er anonym.
Resultata vil vere klare våren 2026, og vil blant anna publiserast på våre nettsider.