Folkehelsekonferansen Vest 2025: Kraft til å bere?

Har vi kraft til å bere velferdsstaten fram for neste generasjon?

22
.
August
2025
Folkehelsekonferansen Vest 2025

Folkehelsekonferansen Vest 2025: Kraft til å bere?

For andre år på rad inviterte Alrek helseklynge, Bergen kommune, Vestland fylkeskommune og Idrettsklynge Vest til Folkehelsekonferansen Vest. Saman med dyktige innleiiarar, ein fullsatt Vestlandssal og ein stor gjeng digitale deltakarar utforska vi kva som må til for at vi skal ha kraft til å bere velferdsstaten fram for neste generasjon.

Fylkesordførar Jon Askeland og byråd for eldre, helse og omsorg i Bergen kommune, Marte Monstad, opna konferansen.

Kva tar vi med oss frå dagen? 

  • I sine opningshelsingar vektla både fylkesordførar Jon Askeland, og byråd for eldre, helseog omsorg i Bergen kommune, Marte Monstad, at god folkehelse ikkje kan skapast aleine, men må skje i samspel mellom sektorar og fagmiljø.
  • Ole Andreas Hovda viste oss at alt heng saman med alt, og at tidleg investering gjev avkastning! Han oppmoda også politikarar til å tørre og ta val som løner seg på lang sikt, sjølv om dei kan vere upopulære her og no.
  • Kristoffer Chelsom Vogt peika på sju grunnleggande aktivitetar som er viktige for å bygge fellesskap og gode liv, men som er i ferd med å dø ut; Naturerfaringar, omsorg, bevegelse, samtale, musisering, handverk, og leik.
  • Bjørg Pedersen viste oss korleis vi gjennom å møte alle med varme kan legge til rette for inkludering og gode fellesskap.
  • Tonje Fyhn oppmoda oss til å forstå ungt utanforskap i eit livsløpsperspektiv - fråfall frå den vidaregåande opplæringa startar lenge før VGS og risiko går i arv!
  • Hanne Mikkelsen viste oss at nærmiljøet kan ha stor betydning for i kva grad unge fullfører vidaregåande opplæring.
  • Andreas Roaldsnes gav oss innsikt i korleis sosial ulikskap også viser seg igjen i barn og unge sine val av organiserte fritidsaktivitetar.
  • Steinar Krokstad og Ruth Donovan presenterte folkehelsekampanjen ABC for god psykisk helse for oss – og dei oppmoda oss til å gjere noko aktivt, gjere noko saman og gjere noko meiningsfullt, for då gjer du den psykiske helsa di godt!

Steinar Krokstad og Ruth Donovan presenterar folkehelsekampanjen ABC for god psykisk helse.

 

Dagen vart avslutta med ein debatt om prioriteringar. Denne vart innleia av Simon Øverland, som skildra nokre av utfordringane knytt til prioritering av folkehelsetiltak. Han leia deretter debatten mellom Torbjørn Vereide (Ap), Kjersti Toppe (Sp), Miriam Seim (V) og Liv Kari Eskeland (H), som blant anna blei utfordra på kva dei vil prioritere ressursar på for å styrke folkehelsa. Opptak frå debatten kjem snarleg på nettsidene våre.

Panelet med ordstyrar Simon Øverland (t.v.), Torbjørn Vereide (Ap), Kjersti Toppe (Sp), Miriam Seim (V) og Liv Kari Eskeland (H).