Balansekonferansen 2025: Unge krefter

Nettverket Balanse inviterte tysdag 14. oktober til ei inspirerande samling for unge i idretten.

Nina J. Wickstrøm
15
.
October
2025
Gemma Grainger

Gemma Grainger

Om lag 50 unge eldsjeler frå ei rekke ulike idrettar og idrettslag inntok auditoriet på Amalie Skram vgs. for å få med seg Balansekonferansen 2025: Unge krefter.

Landslagstrener Gemma Grainger fortalte om si reise til eit engasjert publikum.

Kvelden blei sparka igang av sjølvsaste landslagstrenar Gemma Grainger. Her blei forsamlinga tatt med på ei reise gjennom idrettskarriera hennar - heilt frå kvar det heile starta i heimbyen Middlesbrough i England, til å bli landslagssjef for Noreg. Alle øyrer var spissa når Grainger delte verdifulle tips til rolla som trenar og leiar. Undervegs i foredraget svarte ho på spørsmål frå ivrige ungdommar.   

Workshopen "HeleMeg i praksis" leia av Birthe Hodnekvam og Bodil Ryste

Neste punkt på programmet var «HeleMeg i praksis», ein workshop organisert av Birthe Hodnekvam (Idrettsklynge Vest) og Bodil Ryste (Vestland idrettskrets). Workshopen tok utgangspunkt i prosjektet Idrettsklynge Vest-prosjektet HeleMeg. Her blei ungdommane delt inn i grupper og fokuset for økta var aktivitetar som byggjer felleskap. Det blei blant anna diskutert korleis ein kan avslutte treninga på ein måte som gjev energi, meistring og lyst til å komme tilbake. Her hadde dei unge mange spennende idear! 

Steinar Green Hansen om rollemodellar, nettverk og tilhøyre

Siste sesjon i programmet bli leia av Steinar Green Hansen (NFF Hordaland). Rollemodell, nettverk og tilhøyre var tema for denne delen. "It's not who's in front of you, but who stands beside you". Etter eit foredrag fra Hansen fekk salen tildelt ark og små lappar med spørsmål til eigen refleksjon og til å diskutere i grupper.

Vi håpar at det var ein nyttig og lærerik kveld for alle som deltok og bidro. Eit godt idrettsmiljø er avhengig av at alle samarbeidar. Idretten er for alle!

Dei fire organisasjonane som utgjer Balansenettverket: NFF Hordaland, Vestland idrettskrets, Norges Håndballforbund Region Vest og Idrettsklynge Vest

Arrangementet blei arrangert av Balansenettverket. Dette er eit nettverk som arbeidar for meir likestilling i idretten, og som består av Vestland idrettskrets, NFF Hordaland, Norges Håndballforbund Region Vest og Idrettsklynge Vest.

Heilt sidan 2018 har nettverket Balanse bidratt til å setje likestilling, inkludering og mangfold på idrettsagendaen. Dersom du vil vite meir om nettverket, finn du informasjon på heimesida deira. Her finn du også opptak fra tidligare konferansar.