Knutepunktet

I Knutepunktet arbeidar vi for vi for at alle med funksjonsvariasjonar skal trivast i fysisk aktivitet og delta i idrett. Fysisk aktivitet er ein viktig arena for å oppleve meistring og fellesskap med andre og gjev grunnlag for god helse i eit folkehelseperspektiv.
Gjennom eit tett samarbeid på tvers av fag og organisasjonar jobbar vi for å fjerne barrierar som kan gjer at eit menneske med funksjonsvariasjon ikkje finn sin veg inn i organisert eller uorganisert fysisk aktivitet eller idrett. Vi utviklar og implementerer modellar og konkrete planar, jobbar for betre rekruttering, utprøving, meistring og opplæring. Vi skapar synergiar på tvers av organisasjonar og knyter samen ulike aktørar, alt frå toppidrettsutøvarane og til dei som aldri har prøvd ut ein idrett før. Kunnskapen vi tileignar oss tek vi også ut til idrettslaga, tilbake tilhelsetenestene og ut i kommunane.
Organisasjonane i Knutepunktet sit med kvar sin unike kompetanse, mensamstundes også overlappande kompetansar og ansvar. Vi er difor einige om at det er i fellesskap vi løyser utfordringar best. For organisasjonane er det viktig åv ere ein del av Knutepunktet for å sikre at alle menneske, uavhengig av deira fysiske eller mentale utfordring, skal oppleve meistring og tryggleik.