Status i prosjektet Aktivitetsguidar på tvers

Me utviklar ein felles aktivitetsguide-modell – no er mykje kunnskap samla

4
.
December
2025
Prosjektleiarane Birte Barsnes Frøyd (HVL) og Vegard Sandven (IKV)

Prosjektleiarane Birte Barsnes Frøyd (HVL) og Vegard Sandven (IKV)

Prosjektet Aktivitetsguide på tvers har denne hausten gjennomført fleire kunnskapsaktivitetar for å forstå kva som skal til for å hjelpe fleire barn og unge inn i trygge, inkluderande og varige fritidsaktivitetar. Gjennom workshop på La oss leke saman, ei større kartlegging på Idrettsrådsamling i Ålesund, og dialog med aktørar frå idrett, helse, utdanning, kommune og frivilligheit, begynner det å teikne seg eit klart bilete av kva ein felles Aktivitetsguide-modell må innehalde, og kor utfordringane ligg.

Funn frå La oss leke sammen-workshopen

Under den nasjonale konferansen La oss leike saman som vart gjennomført i september i Bergen vart det haldt ein workshop retta mot ordningar som slektar til Aktivitetsguide-tenesten. Workshopen samla både aktivitetsguidar, idrett, energikonsulentar, koordinatorar og andre fagpersonar på tvers av sektorar og geografi. Det tydelegaste inntrykket var mengda av kompetanse og erfaring som ligg i dagens ordningar, og at mykje av denne kunnskapen liknar på tvers av kommunegrenser og sektorar.

Dette lærte vi:

Rekruttering og informasjon er ei hovudutfordring.
Ein er samde at rekruttering av barn og unge er ei utfordring, både til nye aktivitetsguidar, til familiar og til idrettslag. Jungeltelegrafen fungerer best, formelle kanalar er langt svakare.

Opplæring og oppfølging varierer kraftig.
Nokon får to dagars opplæring og mentor, andre får ingen. Oppfølging skjer alt frå systematisk til ad hoc. Deltakarane på workshoppen var samde om at mykje kompetanse går tapt utan ein felles struktur.

Guidanehar svært ulik bakgrunn, og det er ei styrke.
Studentar, pensjonistar, arbeidssøkande, uføretrygda og folk «midt i livet» bidreg. Fellesnevnar: dei ønskjer å gi noko til andre. Personleg eignaheit og relasjonskompetanse vart peika på som den viktigaste suksessfaktoren i oppfølgingav barn og unge.

Funn frå kartlegginga i Ålesund

Kartlegginga samla innsikt frå idrettsråd, idrettskretsar og kommunar over heile landet som har ei Aktivitetsguide-ordning: Stavanger, Tromsø, Asker, Fredrikstad, Arendal, Ullensaker og fleire. Breidda gjer det mogleg å sjå nasjonale mønster, og om dei samsvarar med funna frå 'La oss leike saman'-konferansen i Bergen.

Dette står fram som sentrale funn:

Målgruppene er tydelege, og behova store.

Barn og unge som treng støtte inn i idrett kjem frå familiar som har låg inntekt, er nye i landet, har lite nettverk i nærmiljø, har barn med funksjonsvariasjonar, manglar     kjennskap til korleis idretten fungerar.

Behova er store og gjennomgåande på tvers av kommunar.

Organisering varierer, og finansiering er uforutsigbar.

  • Nokre kommunar gode støtteordningar til Aktivitetguide.
  • Andre er i oppstart, med prosjektstillingar og låg stabilitet. Aktivitetsguide lever frå søknad til søknad.
  • Oppdragsbasert arbeid gjer det vanskeleg å rekruttere og halde på gode Aktivitetguidar.

Samarbeidet med idrettslaga er avgjerande

Modellarsom fungerer godt har:

  • Faste kontaktpersonar.
  • Kartlegging som del av forløpet, gjerne ved oppstartssamtalar med familie, klubb og guide.
  • Tett dialog mellom guide og trenar i idrettslaget.Felles forståing avroller, gode rolleavklaringar.

Når idrettslaga ikkje er involvert frå starten, slit ein mykje meir med å få til gode oppfølgingar.

Guidane møter eit stort spenn i behov

Kartlegginga viser at barn som får oppfølging frå Aktivitetsguide ofte treng hjelp med:

  • Utstyr
  • Transport
  • Innmelding i idrettslaget
  • Informajon til foreldre
  • Språklege og kulturellebarrierar,
  • Tryggleik i nye miljø og idrettsarena

Dette understrekar kor viktig relasjonskompetanse er.

Kommunane, idrettsråd og idrettskrets etterlyser forsking og nasjonal koordinering

Dei ønskjer kunnskap om:

  • Kva som faktisk verkar
  • Kvifor nokre lir verande og andre sluttar
  • Samarbeidsmodellar som fungerar
  • Effekt av Aktivitetsguide-oppfølginga over tid.

Dette styrkar prosjektets mål om å utviklekunnskapsbasert praksis.

VegardSandven (IKV) og Birte Barsnes Frøyd (HVL) presenterar prosjektet Aktivitetsguidar på tvers for Idrettsråd, idrettskretsar og kommunar som har ein type Aktivitetsguide-ordning i Ålesund. 

Kva betyr denne kunnskapen for prosjektet?

Både workshop og kartlegging viser det same:
Aktivitetsguidefeltet treng struktur, samarbeid og felles verktøy for å samhandle på tvers.

Prosjektet Aktivitetsguide på Tvers går difor vidare med:

1. Utforming av ein felles tverrsektoriell modell som samlar erfaring frå idrettsråd, idrettskrets og Energikonsulent.

2. Oppretting av ei ny 10 %-stilling våren 2026 for å styrke praktisk koordinering mellom organisasjonane.

3. Fysioterapistudentar frå HVL våren 2026 som skal bidra med oppfølging av barn, kartlegging, observasjon og praktis kpilotering av samarbeidspunkter på tvers av organisasjonar.

4. Systematisk innsamling av erfaringar frå brukarar, guidar, trenarar, foreldre.

5. Vidaresamskaping på tvers gjennom møter, dialogseminar og felles opplæringsløp.

 

VegardSandven (IKV)og Birte Barsnes Frøyd (HVL) presenterar prosjektet Aktivitetsguidar på tvers på Studentseminaret som HVL og IKV arrangerte tilegare i år

Vegen vidare

Hausten har vist oss to ting:
Behovet er stort og likt på tvers av kommunar. Viljen til samarbeid på tvers er stor.

Med støtte frå Sparebankstiftelsen SR-Bank, ei driftig prosjektgruppe beståande av dyktige representantar frå Vestland idrettskrets, Helse Bergen, Bergen idrettsråd og Høgskulen på Vestlandet, og med eit tett samarbeid mellom idrett, helse, kommune og utdanning, er vi no godt posisjonerte til å utvikle ein modell som i fyrste omgang kan nyttast lokalt i Bergen, og kanskje om nokre år i andre kommunar.