Ungdomsråd på Tvers samlast for å styrke ungdomstemma
Representantar frå fleire ungdomsråd, råd og utvalg møttest nyleg for å vidareutvikle møteplassen Ungdomsråd på tvers i regi av Idrettsklynge Vest. Målet er å skape ein lågterskel arena der ungdom kan dele erfaringar, løfte saker som er viktige for dei og bidra med ungdomsperspektiv inn i arbeidet med idrett, helse og folkehelse i Vestland.

Foto Malene Joensen
Korleis kan ungdom sine stemmer bli sterkare når organisasjonar samarbeider?
Det var eit av spørsmåla då representantar frå fleire ungdomsråd nyleg møttest for å vidareutvikle møteplassen Ungdomsråd på tvers i regi av Idrettsklynge Vest. Møteplassen vart etablert i 2021 for å samle ungdomsrepresentantar frå ulike organisasjonar, slik at dei kan dele erfaringar, lære av kvarandre og løfte saker som er viktige for ungdom.
– "Målet er å ha ein lågterskel arena der ungdom kan møtast, bli betre kjent og snakke saman om tema som er viktige for dei", seier Ingvild Fjeldstad Glesnes frå Ungdomsrådet i Helse Bergen.
Under samlinga vart deltakarane einige om at Ungdomsråd på tvers først og fremst skal vere ein plattform for dialog mellom ungdomsråd, heller enn ein arena for å arrangere eigne aktivitetar.
Her kan ungdom frå ulike organisasjonar:
- dele erfaringar frå sitt arbeid
- spele inn saker dei meiner er viktige
- gi ungdomsperspektiv inn i relevante møteplassar i Idrettsklynge Vest
Eit tema som vart løfta fram som særleg viktig for alle representantane er fysisk og psykisk helse blant ungdom.
– "Det viktigaste er å skape ein arena der ungdom kan møtast og utveksle erfaringar. Verdien ligg ofte i samtalane som oppstår når ein møtest", seier Vegard Sandven som koordinerer arbeidet med Ungdomsråd på tvers.
Samarbeid på tvers
Idrettsklynge Vest vil bidra med organisering og tilrettelegging av møteplassen, medan ungdomsrepresentantane sjølve skal vere med å forme innhald og agenda.
Målet er at Ungdomsråd på tvers skal vere ein arena der ungdom frå ulike organisasjonar kan samarbeide om saker dei er opptekne av, og saman bidra til å styrke ungdomsperspektivet i arbeidet med idrett, helse og folkehelse i Vestland.
Representantar i møteplassen Ungdomsråd på Tvers:
Ingvild Glesnes / Ungdomsrådet Helse Bergen
Siver Myskvoll-Rannestad / Studentidrettsrådet Bergen
Klara Saus / Ungdomsrådet Bergen Kommune
Ariel Hjelle / Studenttinget på Vestlandet
Ingeborg Wåge Møgster / Ungdomsutvalget Vestland Idrettskrets


