Vi koplar studentar, praksis og forsking!

Studentar + spennande prosjekt = sant!

16
.
October
2025
Studentkonferanse

Intresserte studentar frå fleire ulike studieretningar deltok på seminaret.  

Vi diggar når engasjerte studentar ønskjer å utforske spennande problemstillingar innan folkehelse, fysisk aktivitet og idrett! Difor blei vi sjølvsagt med då Høgskulen på Vestlandet, med Ann-Katrin Grotle og Iselin Thowsen Vildmyren, inviterte oss med på å arrangere studentseminar for bachelor- og masterstudentar. Studentane fekk presentert både pågåande og planlagde forskingsprosjekt, og problemstillingar og prosjekt frå praksisfeltet.

‍

Vegard Sandven (IKV) og Birte Barsnes Frøyd (HVL) presenterar prosjektet Aktivitetsguidar på tvers, som dei leier.

Dei fekk blant anna høyre meir om:

‍

Dagleg leiar Cecilie Jelstad presenterer Aktive Gamere

Etter presentasjonane var det mat og mingling, og både studentar, forskarar og representantar frå organisasjonane nytta høvet til å utveksle idear og knytte nettverk.

Allereie har fleire studentar tatt kontakt, og vi ser fram til å høyre frå fleire! Her kan det bli mange relevante og spennande studentoppgåver i tida som kjem! 
‍
Stor takk til Ann-Katrin Grotle og Vilde Thowsen Vildmyren ved Institutt for idrett, kosthold og naturfag ved HVL for godt samarbeid og intiativ til studentkonferansen! 

‍

‍
Er du student og nysgjerrig på prosjekt i Idrettsklynge Vest? Ta gjerne kontakt – vi vil gjerne høyre frå deg!

‍

‍