La oss leke sammen!
Idrett og helse skaper fritid for alle!

3.-4.september arrangerte NKBUF og Idrettsklynge Vest den nasjonale konferansen "La oss leke sammen" i Bergen.
Utgangspunktet for konferansen er ei kjent problemstilling:
Barn og unge med særskilte behov blir ofte kasteballar mellom tenester og sektorar som ikkje samarbeider tett nok. Fritidsaktivitetar hamnar dessverre ofte i skuggen, sjølv om dei er blant dei viktigaste arenaene for sosialt fellesskap, meistring og livskvalitet. Betre samhandling på tvers av helse og idrett meiner vi er viktig, og dette er kjernen i arbeidet til møteplassen Heile laget – fysisk aktivitet og idrettfor alle! Så då Nasjonalt kvalitets- og kompetansenettverk for barn og unge (NKBUF) inviterte oss med på å arrangere ein nasjonal konferanse om inkludering i idrett og fritidsaktivitetar, var svaret vårt sjølvsagt ja. Etter ein vår med planlegging på tvers av både organisasjonar, fagfelt og geografi, kunne vi endeleg invitere til to dagar med leik, læring og moro i Bergen.
Tjuvstart av konferansen på Energisenteret
Onsdag starta med forkonferanse på Energisenteret for barn og unge ved Haukeland universitetssjukehus. Her fekk vi høyre meir om korleis lystbetont fysisk aktivitet kan vere ein del av utgreiing, behandling og oppfølging. Vidare lærte vi også om korleis Energisenteret bygger bru mellom psyke og somatikk, og mellom sjukehus og heimstad.

Raus, inspirerande og lærerik
Deretter gjekk turen til Mimes Brønn på HVL Campus Kronstad. Her leia Randi Marie Berntsen Farnes (Vestland idrettskrets), og Lars Peder Bovim (NKBUF/Energisenteret for barn og unge) gjennom eit spennande og lærerik kveldskonferanse.
Konferansen vart opna av styreleiar i Idrettsklynge Vest, fylkesordførar Jon Askeland, som vektla rausheit som ein suksessfaktorar i gode samarbeid. Vidare blei vi både inspirert og imponert over to viktige førebiletet. Først over paralympisk meister Tommy Urhaug, som fortalte om kvifor han arrangerer bordtennisskule på Energisenteret på Haukeland Universitetssjukehus kvar veke. Deretter av Team Pølsa-deltakar Sunniva Spangelo, som i ein samtale med Berit Gjessing (leiar på Beitostølen Helsesportsenter), visste oss kor viktig det er å kjenne seg som ein del av eit lag.

Deretter var det klart for påfyll av kunnskap. Advokat Geir Lippestad gav oss på ein forståeleg og praktisk måte innsikt i kva lovverket seier om retten til fritid og leik. Stipendiat ved NIH, Linn Engdahl-Høgåsen, løfta fram nye perspektiv på deltaking, kor ho oppmoda oss til å tenke moglegheiter framfor barrierar.
.jpeg)
Heidi Kjærnes frå Sunnaasstiftelsen avrunda kvelden med ein samtale som utfordra kveldens innleiiarar på korleis vi konkret kan inkludere fleire i fritidsaktivitetar. Å bli betre kjent på tvers av fagfelt og sektorar gjennom felles treffpunkt, var eit av fleire viktige tiltak som blei løfta fram.

Idemyldring, erfaringsutveksling og kunnskapsdeling
Torsdag fekk deltakarane velje mellom heile seksten sesjonar med workshops og frie foredrag, frå gruppedynamikk, inkluderande gaming og tverrsektorielt samarbeid tilhaldningsendringar, fritidserklæring, aktivitetsguidar og aktivitetshjelpemiddel. Her blei det delt kompetanse, erfaringar og idear på tvers av fag, sektor og geografi.

Sjå oversikta over alle dei dyktige bidragsytarane til parallsesjonane her.
I tillegg til foredraga, var det også poster utstilling gjennom dei to konferansedagane. Her delte både forskarar og praktikarar erfaringar og kunnskap frå konkrete prosjekt dei var knytta til.

Ein fellesmøteplass for idrett og helse
Lars Peder Bovim, som har vore ein viktig del av arrangementskomiteen, er fornøgd med konferansen:
Gjennom Idrettsklynge Vest ser vi gong på gong at samarbeid blir enklare når folkmøtest, blir kjende og får høve til å dele erfaringar på tvers av sektorar. Målet med konferansen var derfor å skape ein felles møteplass for idrett og helse, ein arena der deltakarane kunne knyte kontakt, utveksle kunnskap og bygge bru mellom system som ofte jobbar parallelt, men ikkje alltid i lag. Gjennom evaluering og tilbakemelding opplev vi at vi har nådd målet!
Vidare fortel han at han veit om fleire tverrsektorielle samarbeid og potensielle prosjekt på som er tatt initiativ til etter konferansen. Det er han svært fornøgd med!
Tusen takk!
Det er mange som fortener ein stor takk i forbindelse med konferansen!
Utan dykk – ingen konferanse!
· NKBUF, som ynskja å arrangere konferansen sin saman med oss
· Norges forskingsråd, som støtta konferansen
· Arrangementskomiteen med Stine Irgens (Valnesfjord Helsesportsenter), Stine Merethe Ringøen (Sandnes kommune), Katrine Myklebust (Sola kommune) Helene Fraas (Vestland idrettskrets), Vegard Sandven (Energisenteret for barn og unge) og Lars Peder Bovim (Energisenteret for barn og unge)
· Dei ekstra hendene før og under konferansen – Grethe Hillestad, Guro Anda Enstensen, Guro Gjesdal, Even Børsheim, Martine Ellefsen og Sofie Hauger
· Alle som bidro med poster, frie foredrag og workshops
· Konfransierar og innleiiarar under kveldskonferansen
· Energisenteret for barn og unge og Høgskulen på Vestlandet for lån av lokale
· Hunnalvatn Media for film
Og ikkje minst - tusen takk til alle som deltok, delte erfaringar og bidrog til å gjere dagane både leikne, lærerike og fulle av moro!


