Helse- og omsorgsministeren på besøk
«Det er ikkje dine og mine innbyggjarar - det er våre».

Foto: Helse Bergen
– «Det er ikkje dine og mine innbyggjarar, det er våre».
Slik oppsummerte helseminister Jan Christian Vestre arbeidet som vart presentert då han besøkte Energisenteret for barn og unge ved Haukeland universitetssjukehus torsdag 5.mars. Her fekk han eit innblikk i korleis Energisenteret og Idrettsklynge Vest jobbar for å styrke samarbeid mellom helse, idrett og samfunn til beste for barn og unge.
Samarbeid på tvers av sektorar
Under besøket møtte Vestre representantar frå både helse, idrett og offentleg forvaltning. Saman med fylkesvaraordførar Stian Davies, styreleiar i Helse Bergen Rune Haugsdal og administrerande direktør Eivind Hansen fekk han høyre korleis samarbeid på tvers av sektorar kan bidra til betre oppfølging av barn og unge.
Direktør i divisjon psykisk helsevern og styremedlem i Idrettsklynge Vest, Randi-Luise Møgster, innleidde med å forklare kvifor spesialisthelsetenesta er avhengig av samarbeid med aktørar utanfor sjukehuset.
Eit sentralt døme er samarbeidet med idretten, der Vestland idrettskrets, representert ved organisasjonssjef Randi Marie Berntsen Farnes, er ein viktig partner.
Byggjer bruer mellom helse og fritid
Dagleg leiar Malene Joensen presenterte Idrettsklynge Vest-modellen, der målet er å byggje bruer mellom sektorar som tradisjonelt arbeider kvar for seg.
Gjennom samarbeid mellom sjukehus, kommunar, idrett, akademia og frivilligheit jobbar klynga for at mennesker skal få gode moglegheiter til aktivitet, deltaking og meistring.
– "Her har vi eit enormt moglegheitsrom. Vi jobbar for å knyte saman arenaene der mennesker lever liva sine, helse, skule og fritid. Slik kan vi bidra til betre folkehelse på kort og lang sikt", seier Joensen.


