Idrettsklynge Vest-dagen 2026
Torsdag 26.mars samla vi representantar i møteplassar, prosjekt, arbeidsgruppe, styre og eksterne samarbeidspartnarar på Vestlandshuset.
.png)
Møteplassen Arrangementskompetanse
Møteplassmøter
Dagen starta med møteplassmøter i seks av Idrettsklynge Vest sine åtte møteplassar. Det var meldt om nyttige diskusjonar og god stemning.
Etter møteplassmøta møttes alle til ein smakfull og sosial lunsj i kantina på Vestlandshuset. Her deltok også representantar frå arbeidsgrupper, prosjekt, styre og eksterne samarbeidspartnarar.
Styrke i samspel i praksis
Etter lunsj var alle samla til ein felles sesjon, "Styrke i samspel i praksis", i Vestlandssalen. Her fekk dei frammøtte bli betre kjent med dei ulike møteplassane og nokre av prosjekta som pågår gjennom Idrettsklynge Vest.
- Kjersti Halvorsen presentere møteplassen Arrangementskompetanse, og det gode arbeidet dei gjer som regionalt mottakssenter for større arrangement, om den digital rettleiaren for arrangørar som dei har utvikla, og om det Regionale Arrangørnettverket som dei har etablert.
- Morten Kristoffersen presentere møteplassen Talent- og toppidrettsutvikling, som ønsker å styrke kunnskap og praksis rundt skadeførebyggande arbeid. Han presenterete også det spennande forskingsprosjektet på tretthetsbrudd som dei fortida gjennomfører.
- Parmita Saha og Tom Erik Solstad snakka om forskingsprosjektet som har undersøkt både toppidrettsutøvarar og publikum under VM i vektløfting.
- Vegard Sandven fortalte om møteplassen Heile Laget, som arbeider for at alle, uavhengig funksjonsvariasjon, skal kunne delta i idrett og fysisk aktivitet.
- Prosjektleiar Birthe Hodnekvam presentere HeleMeg – ei verktøykasse for trenarar, som skal bidra til å styrke psykologisk tryggleik og fellesskap i barne- og ungdomsidretten.
- Prosjektleiar Birte Barsnes Frøyd snakka om prosjektet Aktivitetsguidar på tvers, eit samarbeid mellom aktivitetsguideordningane i Bergen idrettsråd, Vestland idrettskrets og Energisenteret for barn og unge.
- Håvard Ragnhildstveit og Grethe Hillestad fortalte om møteplassen Kroppsøving, om kvifor kroppsøving er eit viktig fag, og om viktige tiltak som det årlegeKroppsøvingsseminaret Alle med, kroppsøvingsskjemaet og vurderingskurs for kroppsøvingslærarar.
- Martin Uthaug presenterte møteplassen Fysisk aktivitet og trening for eldre, og deira arbeid for å støtte fleire eldre inn i sosial og fysisk aktivitet.
- Hanne Espe snakka om den nyetablerte møteplassen kVinnelaget, som skal jobbe for (og drøymer om) eit samfunn kor menn og kvinner møter same forventningar og moglegheiter.
- William Hazell presenterte den nyetablerte møteplassen Analyselaget, og om korleis dei tenker å arbeide for å koordinere og styrke kunnskapsgrunnlaget knytt til folkehelse og idrett.
- Stjernene Ariell Hjelle og Siver Myskvoll-Rannestad snakke om Ungdomsråd på tvers, og korleis denne møteplassen samlar og styrkar ungdomsstemma.
Samfunnsutfordringar krev samspel.
Heilt til sist i fellessejsonen haldt ny fylkesdirektør Robert Rastad eit innlegg om dagens og morgondagens samfunnsutfordringar. Han peika blandt anna på befolkningsendringar, bemanningsutfordringar og budsjett som utfordringar vi istørre og større grad vil møte. Rastad peika på samspel på tvers av sektorar som ein nøkkel i møte med desse utfordringane, og framheva Idrettsklynge Vest som eit godt døme på korleis ein kan få det til.
Evaluering
Dagleg leiar i Idrettsklynge Vest, Malene Joensen, fortel at ho synes det er veldig kjekt å samle så mange dyktige folk under same tak:
"Eg står jo i den heldige posisjonen at eg får treffe alle desse eldsjelene i møteplassar, prosjekt, arbeidsgruppe og styre gjennom arbeidskvardagen min, men dei kjenner ikkje nødvendigvis kvarandre like godt. Å møtast på tvers kan opne opp for nye samarbeid, og ein blir kanskje meir merksam på kor mykje bra og forskjellig som skjer i klynga. Kanskje dei også blir litt inspirert og litt stolte av å vere ein del av IKV-fellesskapet? Det blir i vertfall eg etter ein slik dag!"
Ho fortel vidare at dei no vil evaluere dagen, blant anna for å sjå om dette bør bli ein fast happening i løpet av året.
Malene avsluttar med å takke både dei som deltok, presenterete, og dei som fiksa i kulissane:
"Tusen takk for alle som var med å gjorde i takkar Idrettsklynge Vest-dagen til ein god dag!"


.png)