HeleMeg – utvikling og utprøving

HeleMeg har hatt ein aktiv og innhaldsrik haust. Prosjektet er vidareutvikla og testa i nye miljø.

10
.
December
2025
HeleMeg

Ei verktøykasse for inkludering, samhald og psykologisk tryggleik

HeleMeg er ei verktøykasse for trenarar i breiddeidretten, og har som mål å styrkje inkludering, samhald og psykologisk tryggleik blant ungdom.

Verktøykassa består av tre delar:

  • Innsjekk: Ei kort runde der utøvarane deler korleis dei har det.
  • Fysiske og mentale styrkeøvingar: Øvingar som hjelper utøvarane å sjå kvarandre, ta plass og tørre å feile.
  • Utsjekk: Ei morosam og inkluderande avslutning som rundar av treninga på ein positiv måte.

I vår fekk prosjektet støtte frå Sparebanken Norge til å vidareutvikle HeleMeg. Fokuset i haust har vore å utvikle ein bank over gode utsjekksaktivitetar, i tillegg til å teste HeleMeg ut i nye miljø og målgrupper.
Prosjektet har hatt ein aktiv og innhaldsrik haust, og under kan du lese om nokre av høgdepunkta frå hausten.

HeleMeg på «La oss leke sammen»

Prosjektleiar Birthe Hodnekvam presenterte HeleMeg under konferansen "La oss leke sammen" for eit breitt samansett publikum.

Fleire som ikkje jobbar i idretten gav tilbakemelding på at dei ønskjer seg eit liknande verktøy for målgruppene dei jobbar med. Det er interessant å sjå at prinsippa i HeleMeg truleg passar for mange ulike grupper, fortel Hodnekvam.

Tilbakemeldingane viser at det er behov for trygge, inkluderande verktøy er stort – også utanfor idretten.

Prosjektgruppa laga poster til posterutstillinga under konferansen "La oss leke sammen!"

HeleMeg-workshop under «Unge krefter» og på Energisenteret for barn og unge

Då Balansenettverket arrangerte konferanse tidlegare i haust for unge ildsjeler i idretten, blei HeleMeg invitert inn for å halde workshop. I tillegg til å gjere deltakarane kjent med vektøykassa HeleMeg, fekk dei i oppgåve å lage utsjekksøvingar. Her fekk prosjektgruppa mange gode innspel!

Prosjektgruppa har også hatt workshop med ressurspersonar tilknytta Energisenteret for barn og unge. Her har dei blant anna sett meir på korleis dei kan lage utsjekkar som passar alle, uavhengig funksjonsutfordring.

Prosjektleiar Birthe Hodnekvam presenterar HeleMeg under arrangementet Unge krefter, i regi av Balansenettverket.

Idrettsstudentar prøvar ut HeleMeg

HeleMeg har også blitt prøvd ut blant idrettsstudentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), campus Sogndal, i ein undervisningsbolk kor dei skulle lære meir om den unge utøvaren med tema blant anna knytta til psykisk helse, og utvikling. I denne samanheng blei Birthe invitert inn til å halde ei undervisning om HeleMeg. Studentane fekk deretter prøve å halde ei HeleMeg-økt for eit anna kull. Ifølge emneansvarleg Birte Barsnes Frøyd fungerte øvelsane godt, og fekk fram både latter og refleksjonar

- Eg trur det er særleg nyttig for dei som går trenarutdanninga Idrett og prestasjon, fordi det er viktig å få erfaring med litt varierte praktiske øvingar som kan endre det etablerte hierarkiet i en treningsgruppe som dei kan ta med seg ut i feltet.

Ho legg til ho gjerne samarbeidar med HeleMeg for vidare undervisning og problemstillingar som kan utforskast i bacheloroppgåver. Dette er sjølvsagt gjengen i HeleMeg positive til!

- Absolutt, det er utruleg kjekt å involvere studentar i det vi arbeidar med, så både bacheloroppgåver og undervisning ønskjer vi å bidra med! Det er også ein god måte å teste ut og spreie HeleMeg på, seier prosjektleiar Hodnekvam.

HeleMeg i Ytrebygda Basketballklubb

Ytrebygda Basketballklubb har fått høyre om HeleMeg, og har ønska å teste tiltaket ut på sine lag. Prosjektmedlem Magnus Hesjedal Hartwig har fått oppdraget med å hjelpe trenarane med å kome i gang.

- Det er kjekt at ein klubb vil nytte HeleMeg på alle laga sine, og det er kjekt å sjå at det fungerer godt – sjølv med stor spreidning i alder!, fortel Magnus.

Klubben melder også tilbake om at HeleMeg er godt tatt i mot, og dei opplev at tiltaket er med på å fremje inkluderande haldningar og gode lagspelarar.

- Eg skulle ønskje at vi hadde starta med dette for lenge sidan, fortel dagleg leiar i Ytrebygda Basketballklubb, Arne Ingebrigtsen.

Er din klubb interessert i å teste ut HeleMeg? Ta kontakt!

Vegen vidare

Prosjektleiar Birthe Hodnekvam ser tilbake på eit godt prosjektår, og rosar prosjektgruppa for deira engasjement for prosjektet:

Det er verkeleg ein fin gjeng, altså! Og at vi alle har ulike organisasjons - og fagbakgrunn gjer at vi får utarbeida endå betre løysingar. Eg gledar meg til vidare samarbeid i 2026! Personleg opplever eg dette arbeidet som svært meiningsfullt, fordi eg ser at HeleMeg har eit stort potensial til å gjere ein reell forskjell i liva til barn og unge. Det er eit arbeid som gir meg energi og håp.

Vi takkar Birthe og prosjektgruppa for strålande innsats i haust, og ser fram til å følge med prosjektet i det komande året! 

Bakgrunnen for prosjektet

Prosjektet HeleMeg har sitt utspring i innovasjonsprogrammet EnAvTi, som hadde som mål å forebygge eteforstyrringar. Prosjektgruppa for Idrett i En AvTi valde å rette innsatsen mot førebygging av psykiske helseplager generelt blant barn og unge, og utvikla ideen HeleMeg. Denne ideen er tatt vidare i Idrettsklynge Vest som har søkt midlar og oppretta ei tverrfagleg prosjektgruppe med representantar frå Høgskulen på Vestlandet, Vestland idrettskrets, Helse Bergen og Ungdomsutvalet i Vestland idrettkrets.