Endringar i administrasjon og møteplassar
Endringar i Idrettsklynge Vest: nye folk inn – og ein stor takk til dei som går vidare

Vegard Sandven tilbake i full stilling på Energisenteret
Vegard Sandven har jobba 50 % i Idrettsklynge Vest det siste året. Frå hausten går han tilbake i full stilling på Energisenteret ved Haukeland universitetssjukehus. Vi set stor pris på innsatsen hans, særleg i prosjektet Aktivitetsguidar på tvers. Heldigvis held han fram i prosjektgruppa.

Dan Jørgen Eide inn i 30 % stilling
Frå juni startar Dan Jørgen Eide i 30 % stilling i Idrettsklynge Vest. Resten av tida jobbar han i Aktive Gamere. Dan har sterk kompetanse på sosiale medium og formidling, og vil blant anna bidra i arbeidet med Styrke i samspel. Vi ønskjer han varmt velkommen!
Endringar i kVinnelaget
I kVinnelaget går Ann-Katrin Grotle (HVL, permisjon), Bodil Ryste (VIK, ny jobb) og Helen Koldal (BK, ny jobb) ut. Dei har vore viktige i oppstarten av møteplassen, og vi takkar for innsatsen og ønskjer dei lykke til vidare.Inn kjem Kari Nutti Stidal (BK) og Hilde Gundersen (HVL). Vi ønskjer dei velkommen!
Nytt medlem i møteplassen for fysisk aktivitet og trening for eldre
Anja Liljegren (HVL) går ut i permisjon. Maria Nordheim Alme kjem inn i møteplassen frå juni. Vi ønskjer Anja ei god permisjonstid og ser fram til samarbeidet med Maria.
Takk til Frode Karlsen for mange år i Idrettsklynge Vest
Frode Karlsen (BK) har vore ein sentral medspelar i Idrettsklynge Vest gjennom fleire år, blant anna i arbeidsgruppa, møteplassen for talent- og toppidrettsutvikling og møteplassen Arrangementskompetanse. I august går han av med pensjon. Vi takkar for engasjementet og ønskjer han ei fin pensjonisttid.


