Har du eit godt døme på tiltak som kan bidra til gode lokalsamfunn?

Då vil vi høyre frå deg!

6
.
August
2026
Styrke i samspel

Styrke i samspel - logo

Vi er på jakt etter gode dømer, studentoppgåver og forsking til arrangementet Styrke i samspel 2026 som går av stabelen 15.-17.oktober i Bergen.
‍

Les meir om Styrke i samspel 2026 på arrangementsnettsidene.

‍

Vi er på jakt etter gode dømer, studentoppgåver og forsking knytta til samhandling, innovasjon, folkehelse, idrett, kultur, friviligheit,  friluftsliv, inkludering og integrering.

Send oss ditt bidrag, og du kan få moglegheita til å få posteren din medunder posterutstillinga 16.oktober. 

Vi kårar den beste posteren i kategoriane "Akademisk prosjekt" 
(forsking/studentoppgåve) og "Lokale døme". 

‍

Arrangementskomitéen kan vere behjelpelig med utskrift av poster. 

‍

Frist for innsending: 15.september (ny frist!)

Ønska tematikk: Akademisk prosjekt (studentoppgåve/forsking) eller 
lokale prosjekt/tiltak som synleggjer ein eller fleire av følgande: 
Tverrsektoriell samhandling, innovasjon, folkehelse, idrett, kultur, 
frivilligheit, friluftsliv, inkludering, integrering. 
Du melder inn i ein av to kategoriar: Akademisk oppgåve eller lokalt døme. 

Formelle krav: Utform ein ståande poster i ståande format, A0 format; 84,1 x 118,9 cm. Posteren skal innhalde: Tittel, forfattarar, organisasjonstilhøyre, kontaktinfo til førsteforfattar, bakgrunn, problemstilling, metode/kva ein har gjort i prosjektet/tiltaket, resultat, konklusjon.

Andre krav: Alle som sender inn poster må stille med minst ein forfattar/innsendar under poster utstillinga fredag 16.oktober kl. 11-12 på HVL. 

Lenke til innsending: Innsending av poster til Styrke i samspel – Fyll ut skjema

‍