Styrke i samspel 2026

Tre dagar med engasjement, inspirasjon og gode møter på tvers.

22
.
October
2026
Oversikt over Vestlandssalen

Foto: Kieran Kolle

Styrke i samspel 2026 samla heile Vestland

‍

15.–17. oktober vart Styrke i samspel arrangert for første gong i Bergen. Dette er ein nyetablert møtearena for fagpersonar, frivillige og beslutningstakarar i Vestland innan folkehelse, idrett, friluftsliv, kultur, utdanning og samfunnsutvikling.

Om lag 370 personar deltok på heile eller delar av konferansen, og over 30 kommunar frå Vestland var representert. Programmet bestod av 32 sesjonar, som var arrangert av 28 ulike organisasjonar.I fleire av sesjonane samarbeidde to eller fleire aktørar om innhaldet. Det gjorde at Styrke i samspel allereie i planleggingsfasen skapte nye og relevante samarbeid på tvers av sektorar. Totalt stod heile 54 organisasjonar bak arrangementet.

Organisasjonane bak Styrke i samspel 2026. Arrangementet er støtta av Norges forskingsråd.

‍

Gjennom dei tre dagane bidrog nærare 100 (!)innleiarar bidrog med fagkunnskap, erfaringar og perspektiv gjennom dei tre dagane. Dei representerte ei brei fagleg spennvidde og var med på å belyse felles samfunnsutfordringar innan folkehelse, idrett, inkludering, frivilligheit og samfunnsutvikling.

Gjennom dei tre dagane stilte tilsette frå Vestland fylkeskommune, Vestland idrettskrets, Bergen kommune og Samarbeidskomiteen for frivilligheit i Vestland som vertskap. Dei sørgde for at teknikk, lunsj, vegvising, registrering og anna logisitikk gjekk knirkefritt.

Tusen takk til deltakarar, sesjonsarrangørar, innleiarar og vertskap for innsatsen!

Under kan du sjå programmet, bileter og presentasjonar frå dei ulike dagane. Sjå fleire bileter frå arrangementet på våre Facebook-sider.

‍

Kvifor Styrke i samspel?

I fjor såg vi at mange konferansar og seminar i Vestland tok opp liknande tematikk og retta seg mot dei same målgruppene. Fleire arrangørar opplevde lågare påmelding enn ønskja, og målgruppene fortalde at stram økonomi gjorde det vanskeleg å prioritere mange konferansar.

Samstundes veit vi at fysiske møteplassar er avgjerande for erfaringsdeling, læring og nettverksbygging – særleg i ei tid som stiller stadig større krav til tverrfaglege og tverrsektorielle samarbeid. Vestland fylkeskommune og Vestland idrettskrets tok difor initiativ til å samle fleire av desse konferansane i eitt stort arrangement: Styrke i samspel.

‍

‍

Torsdag 15.oktober

Trass i at dette var ein av årets våtaste dagar, fekk vi ein strålande start på Styrkei samspel 2026 på Vestlandshuset. På programmet stod:

  • Folkehelseundersøkinga i Vestland 2026 (Vestland fylkeskommune)
  • Tilrettelegging for alle i Arboret på Milde (Vestland fylkeskommune)
  • Kroppsøving og musikk - dei viktigaste faga i skulen? (Møteplassen Kroppsøving og Vestland musikkråd).
  • Systematisk folkehelsearbeid - kva betyr det, og korleis få det til? (Vestland fylkeskommune)
  • Korleis utvikle ei lokal fritidserklæring i di kommune? (Vestland fylkeskommune)
  • Auka samhandling - ein nøkkel til fleire unge i arbeid? (Alrek brukarpanel)
  • Gode nabolag (Bergen kommune)
  • Samaskaping som verkar: frå begrep til praksis i små og mellomstore kommunar (Verdighetssenteret)
  • La oss leike meir! (NFF Hordaland, Norges håndballforbund Region Vest, Olympiatoppen Vest)
  • Inkluderande lokalsamfunn - kva rolle spelar nærbutikk og bibliotek (Vestland fylkeskommune og Distriktssenteret)
  • Tillit som beredskap: Antirasisme og inkludering i praksis (Vestland fylkeskommune)
  • Ny spelemiddelordning (Vestland fylkeskommune)

Her finn du presentasjonar frå torsdag 15.oktober (oppdaterast fortløpande).

Foto: Kieran Kolle
Foto: Kieran Kolle

Fredag16.oktober:

Fredagen baud på full aktivitet frå morgon til kveld – først på Høgskulen på Vestlandetcampus Kronstad, og deretter på Litteraturhuset. Fredagens program: 

  • Felles sesjon: Styrke i samspel
  • Posterutstilling
  • Frivilligheita si rolle i totalberedskapen (Vestland idrettskrets, Hordaland skikrets, Hordaland friidrettskrets, Vestland musikkråd)
  • Møteplassar som hjarte i bygd og by (Vestland idrettskrets, Vestland musikkråd, Idrettsrådet i Bergen)
  • Møteplass Folkehelse (Frivillighet Norge)
  • Kva ser du som eg ikkje ser? Rettleiing av flyktningar som felles oppdrag (Vestland fylkeskommune)
  • Felles morgontur i folkehelsetunellen mellom Minde og Fyllingsdalen
  • Samspel LIVE: Ein kveld om å spele kvarandre gode

Her finn du presentasjonar frå fredag 16.oktober (oppdaterast fortløpande).

Foto: Kieran Kolle
Foto: Kieran Kolle
Foto: Kieran Kolle

Laurdag 17.oktober:

Denne dagen var lokalisert på Energisenteret for barn og unge på Haukeland universitetssjukehus, og dagen hadde frivilligheita i fokus. På programmet stod:

  • Felles sesjon: Saman løyser vi meir
  • Kulturarv i fare (Vestland kulturnettverk)
  • Digital inkludering i frivilligheita - moglegheiter og utfordringar (Bergen kommune)
  • Plass til alle - heile livet: Slik mobiliserer vi eldrekrafta i samfunnet (Møteplassen Fysisk aktivitet og trening for eldre og Vestland innvandrerråd).
  • Frivillig sektor som læringsarena - uformell og formell læring (Voksenopplæringsforbundet Vestland).
  • Fritid utan barrierar - frå gaming til ekstremsport (FFO Vestland)
  • Verktøy for frivilligheita (Frivillighet Norge)
  • Korleis kan frivilligheita påverke politisk? 

‍

Her finn du presentasjonar frå laurdag 17.oktober (oppdaterast fortløpande).

Foto: Åge Avedal

‍

Styrke i samspel 2027

Vi er allereie i gang med planlegginga av Styrke i samspel 2027. Meir informasjon om dato kjem snarleg!