Rullestolteknikkkurs

Ti terapeutar og idrettspedagogar fekk prøve ut kvardagen i rullestol

27
.
October
2026
Personer i rullestol

Deltakarane sat i rullestol begge kursdagane. Foto: Unni Moen

Rullestol er eit avgjerande hjelpemiddel for mange menneske. Likevel finnast det få kurs og utdanningsmoglegheiter for fagpersonar som ønskjer å hjelpe menneske som nyttar rullestol. Det vil møteplassen Heile laget - fysisk aktivitet og idrett for alle, med førsteamanuensis og Phd. ved HVL, Unni Moen i spissen, gjere noko med.

Foto: Unni Moen

Rullestolkurs for fagpersonar

Møteplassen Heile laget arrangerte difor rullestolteknikkkurs for fagpersonar som jobbar tett på menneske som nyttar manuell rullestol 13.-14.oktober. Ti fysioterapeutar, ergoterapeutar og idrettspedagogar som jobbar i kommunhelesetenesta i Bergen eller omegn, i rehabiliteringsintutisjonar og i spesialisthelsetenesta deltok på kurset.

Foto: Unni Moen

‍

Teoretisk og praktisk erfaring

Kurset vektla teoretisk kunnskap og praktisk erfaring om korleis dagen ser ut for ein som brukar manuell rullestol og kva ferdigheiter som trengs for å kunne leve det livet ein ønskjer. Kursdeltakarane måtte tilpasse sin eigen rullestol som dei sat i gjennom heile kurset. Dei tok den også med seg rullestolen heim mellom dei to kursdagane for å prøve sin eigen kvardag i rullestol. Per Christian Brunsvik, som sjølv har over 30 års erfaring med å leve i rullestol, formidla viktige funksjonar som er essensielle å mestre i rullestol og som terapeutar difor må legge inn i si trening med pasientar. Kursdeltakarane fekk bl.a. lære å trille over dørtersklar, opp og ned fortauskantar i ulike høgder, opp og ned bakkar, presis manøvering mellom folkemengder og erfaringar med å møte omgjevnadane frå ei sittande stilling.

Kursdeltakarane øvde på å kome over tersklar i rullestol. Foto: Unni Moen

Behov for auka kompetanse

Det blei også gode faglege diskusjonar og erfaringsutvekslingar om ansvarsområder i opplæringa, samarbeid i hjelpemiddelformidling, generelt kunnskapsbehov blant terapeutar og brukarar av rulklestol. Det kjem klart fram at dette er eit fagområde som er underkommunisert i praksis, og at det er behov for auka kompetanse på vurdering og tilpasning av riktig rullestol og opplæring i bruk av den.

Per Christian Brunsvik instruerer i korleis ein kjem seg ned ei trapp i rullestol. Foto: Unni Moen

‍

Vi takkar Heile laget, Unni Moen og Per Christian Brunsvik for å ha arrangert eit viktig kurs, og håpar på fleire kurs i framtida! 

‍