Ny leiar i møteplassen Trening og fysisk aktivitet for eldre
Idrettskretsen leiar an i arbeidet for eldre

(Foto: Grethe Hillestad/Vestland idrettskrets)
Bård Bogen har dei siste åra leia møteplassen Trening og fysisk aktivitet for eldre med stødig hand, men sender no stafettpinnen over til Martin Uthaug i Vestland idrettskrets.
- Eg har vore med sidan oppstarten av møteplassen, og det er kjekt å sjå tilbake på kva vi har fått til når vi arbeidar på tvers av fag, sektorar og organisasjonar, fortel Bård.
Bård, som til dagleg jobbar både på HVL, UIB og ved Haraldsplass
(ja – han er ei klynge i seg sjølv!), gir seg heldigvis ikkje heilt, og fortset som ordinær deltakar i møteplassen. Det er vi – og ny møteplassleiar Martin, glade for!

- Det sit veldig mange dyktige folk i gruppa, inkludert Bård, som eg gler meg til å bli betre kjend med! seier Martin.
Martin, som arbeidar som klubbrådgjevar i idrettskretsen, fortel at idrettskretsen er i gang med ei satsing knytt til eldre og idrett. Det difor passar veldig godt at Vestland Idrettskrets no tar leiarrolla.
- Eg ser fram til å starte arbeidet – eg trur vi kan få til veldig mykje godt når vi spelar på lag!
Vi takkar Bård for innsatsen og ønskjer Martin velkommen som ny leiar!


