Resultat frå forsking på VM i vektløfting
Kva betydde VM for regionen, og korleis trenar eigentleg verdas beste vektløftarar?

Foto: Sol Fure // VM Førde 2025
VM i vektløfting i Førde
I oktober 2025 husa Førde verdas beste vektløftarar under VM i vektløfting. Mange hugsar kanskje den nervepirrande innspurten der Solfrid Koanda sikra seg VM-gullframfor eit entusiastisk publikum i Førde.
Meisterskapen sette både Førde og Sunnfjord på kartet, men kva betydde arrangementeteigentleg for regionen? Og korleis trenar verdas beste vektløftarar?
Det ønskte forskarar ved Høgskulen på Vestlandet å finne svar på. Saman med Idrettsklynge Vest og med støtte frå FORREGION gjennomførte dei eit forskingsprosjekt som undersøkte både regionale ringverknadar, publikumsopplevingar og treningspraksisen til eliteutøvarane.
Kva gjorde forskarane?
Forskarane delte forskingsprosjektet opp i tre. Den fyrste delen skulle undersøke korleis meisterskapen påverka regional berekraft. Den andre delen skulle undersøke kven som besøkte meisterskapen og korleis dei besøkande opplevde arrangementet. Dentredje delen skulle undersøke korleis utøvarane trente i forkant av meisterskapet, og korleis utøvarane opplevde meisterskapet.
Forskarane samla inn data gjennom spørreskjema under meisterskapen. Dette gjorde dei bl.a.på standen dei hadde under VM. Vidare gjennomførte forskarane intervju etter meisterskapet med fleire av dei som hadde sentrale roller i og rundt VM.
Kviforer denne forskinga nyttig?
Resultata synleggjer verdiane store idrettsarrangement kan skape for regionen, noko som er viktig for engasjement og vilje til å gjennomføre liknande arrangement iframtida. Vidare kan resultata gje nyttig informasjon kva som må til for at eit arrangement skal ha høg publikumstilfredsheit og utøvartilfredsheit. Dette er kunnskap som er relevant for arrangørar av andre store arrangement. Kunnskap om korleis verdas beste vektløftarar trenar er viktig for å kunne utvikle meir effektive treningsstrategiar.
Kva seier resultata?
Totalt sett peikar resultata på at VM i vektløfting 2025 var eit vellukka arrangement.Oppsummert seier resultata følgjande:
1. Arrangementet har tatt berekraftsomsyn, men har måtte balansere ønske om eit berekraftig arrangement mot operasjonelle behov.
2. Arrangementet har hatt positive økonomiske ringverknadar for lokale og regionale bedrifter.
3. Arrangementet har tiltrekt seg eit breitt publikum og har vore ein møteplass på tvers av alder og kjøn.
4. Arrangementet er høgt vurdert av både publikum, frivillege og utøvarar.
5. Arrangementet har skapt ein meiningsfull og minneverdig oppleving for deltakarane, fremja fellesskapskjensle og styrka den lokale identiteten og stoltheita. Desse faktorane er ei viktig drivkraft bak suksessen og representerer ein ressurs som er vanskeleg å reprodusere.
6. Verdas beste vektløftarar har ulik tilnærming til formtopping, der både volum, intensitet og lengda på formtoppinga varierar i stor grad.
Vidare peikar resultata på at VM i Førde:
- Utnytta småstadfordelar
- Nytta frivilligheit som ein strategisk ressurs
- Kombinerte småstadsfordelar og lokal frivilligheit på ein måte som gav dei eit unikt fortrinn i å arrangere eit så stort arrangement.
- Har bidrege til regionale gevinstar og god omdømmebygging
- Har bidrege til fellesskap, fysisk aktivitet og styrka folkehelse
- Hadde ein infrastruktur og hotellkapasitet som utfordra miljømessig berekraft og utøvarkomfort
- Har forbetringsmoglegheiter innanfor mattilbod, arenaforhold og frivilligopplæring-og kommunikasjon.
I prosjektrapporten kan du lese meir om bakgrunn for prosjektet, metodane som er nytta, resultata og forskargruppa sine anbefalingar til framtidige arrangørar og samarbeidspartnarar.

Kven står bak?
Prosjektgruppa har bestått av Atanu Nath (Høgskulen på Vestlandet), Parmita Saha (Høgskulen påVestlandet), Tom Erik Solstad (Høgskulen på Vestlandet), Matthew Shaw (Høgskulen på Vestlandet) og Malene Joensen (Idrettsklynge Vest).
Prosjektgruppa ønskjer å rette ein stor takk til:
- Alle som har bidratt i datagrunnlaget gjennom spørreskjema og intervju
- FORREGION Vestland for støtta til prosjektet
- Møteplassen Arrangementskompetanse og møteplassen Talent- og toppidrettsutvikling, for å bidra med eigeninnsats og viktige råd til prosjektutforminga
- Preben Undeland (Høgskulen på Vestlandet), Bernt André Midtbø (Høgskulen påVestlandet) Anja Liljegren (Høgskulen på Vestlandet), Ann Katrin Grotle(Høgskulen på Vestlandet), Ola Rognebakke (Vestland idrettskrets), Bodil Ryste (Vestland idrettskrets), og Fredrik Larsen (Olympiatoppen Vest) som bidrog til innsamling av data under VM
- Stian Grimseth, Rolf-Kjetil Egge og resten avadministrasjonen under VM som la til rette for at ein skulle kunne gjennomføre forskinga


