Kompetansebank for arrangørar er publisert

Korleis bør du gå fram når du skal arrangere eit stort idrettsarrangement? Møteplassen Arrangementskompetanse hjelper deg på veg!

20
.
October
2025
VM i vektløfting

VM i vektløfting var eit av dei store arrangementa i regionen i 2025. Her i frå prøve-VM, kor arrangørane gjorde seg viktige erfaringar. Foro: Ingeborg Sol Fure // VM i vektløfting

Hjelp! Vi skal arrangere!

Det er ikkje «berre berre» å arrangere idrettsarrangement. Det er mykje ein skal tenke på – alt i frå søknadsskriving, stevnearena, frivilligkoordinering, økonomi og berekraft. Det finst allereie mange gode digitale ressursar som gjev innsikt alt som bør tenkast på. Likevel – mange av desse ressursane ligg ikkje samla og kan vere vanskelege å finne fram til.  Møteplassen Arrangementskompetanse har difor arbeida med å samle alle dei digitale ressursane i ein eigen digital kompetansebank for arrangørar. Målet er å lage ein plattform som er tilgjengeleg, og som bidreg til at arrangørane får nyttige råd, erfaringar og inspirasjon som bidreg til å løfte kvaliteten på arrangementet.

 

Her finn du arrangørportalen!

Arrangementsløpet steg for steg

For å samle ressursane på oversiktleg måte, har møteplassen henta inspirasjon frå Trøndelag og mesiterskapsagent Per Lund, og laga ein modell for dei ulike fasane i eit arrangement. Modellen skildrar totalt sju fasar som inngår i eit arrangement: Kartlegging, søknad, marknadsføring, planlegging, gjennomføring, evaluering og arv. Kvar fase inneheld punkt som arrangøren bør ta stilling til i den gitte fasen, slik som finansiering, berekraft og politisk forankring. Arrangørar finn dermed enklare fram til ressursar som er nyttige i ulike delar av arrangementsløpet. Møteplassleiar Kjersti Halvorsen fortel at modellen er praktisk:

Vi tar også utgangspunkt i modellen når vi rettleier arrangører som tar kontakt med møteplassen. Det er nyttig, for modellen gjev oss eit felles språk for dei mange ulike faktorane og fasane som inngår i eit stort arrangement.
Dei ulike fasane i eit arrangement: Kartlegging, søknad, marknadsføring, planlegging, gjennomføring, evaluering og arv.

Presentert under «Krafta i oss»

Under konferansen «Krafta i oss», arrangert i Førde under VM i vektløfting, presenterte Kjersti den første utgåve av kompetansebanken. Tilbakemeldingane var positive, og mange meinte at kompetansebanken vil vere eit viktig verktøy for framtidige arrangørar. Eit stort pluss er at kompetansebanken også gjev oversikt over ulike stader ein kan søke midlar til arrangementsgjennomføring.

Sjølv om den første utgåva av kompetansebanken er publisert, arbeidar møteplassen på ein forbetra versjon som kjem på plass iløpet av vinteren. Kjersti fortel at dei blant anna ønskjer å løfte fram fleire gode og lokale dømer og erfaringar, og at møteplassen vil sjå på om metodane ein har nytta for å forske på VM i vektløfting også kan inngå på ressurssida. Møteplassen ønskjer gjerne tilbakemeldingar:

Vi inviterer arrangørar til å utforske kompetansebanken og melde tilbake kva som fungerer bra og kva som kan gjere den endå betre. Meld gjerne inn til oss! 

Håpar på fleire gode idrettsarrangement i regionen

2025 har utan tvil vore eit godt år for store idrettsarrangement i regionen, og Kjersti håpar den digitale kompetansebanken kan bidra til at vi får fleire i gode idrettsarrangement i åra som kjem.

Idrettsarrangement samlar folk, byggjer fellesskap ogset regionen på kartet. Vi ser fram til  mange gode arrangement i framtida!