Vestlandsidretten løfta fram under Vestlandsmøtet

Løfta fram frivilligheten og eldsjelene

9
.
January
2026

Foto: Silje Alvsaker/Vestland kommune

Fredag 9.januar gjekk Vestlandsmøtet av stabelen i Grieghallen.  Organisasjonssjef i Vestland idrettskrets, Randi Marie Berntsen Farnes, og dagleg leiar i Idrettsklynge Vest, Malene Joensen, var invitert til å halde eit innlegg om nokre av dei store idrettshøgdepunkta i 2025. Dei hadde difor tatt med seg tre engasjerte eldsjeler frå tre store og vestlandske idrettsbegivenheiter i 2025: 

U23-EM i friidrett på Fana Stadion, styreleiar Pål Hafstad Thorsen fortalde om korleis arrangementet lukkast med å mobilisere over 600 frivillige – midt i fellesferien. Meisterskapen vart eit historisk løft for regionen og eit bevis på kva som er mogleg når frivilligheita stiller opp.

Stian Grimseth og Pål Hafstad Thorsen gav publikum eit innblikk i dei to store meisterskapa som var arrangert i Vestland i 2025 (foto: Silje Silje Alvsaker/Vestland kommune)

VM i vektløfting i Førde, Stian Grimseth, dagleg leiar, fortalte om korleis VM i vektløfting fekk vist at Førde er den minste byen med det største hjartet

SK Brann si 2025-sesong, marknads- og medieansvarleg Mette Hammersland såg tilbake på eit år med seriemeisterskap, publikumsrekord og siger over Manchester United – eit høgdepunkt som samla byen og regionen.

Mette Hammersland seier dei har tre A-lag i Brann - kvinnelaget, herrelaget og frivilliglaget (Foto: Silje Alvsaker/Vestland kommune)

Meir enn resultat

Felles for desse idrettsbegivenheitene er at dei handlar om langt meir enn medaljar og tabellplasseringar. Dei skapar møteplassar på tvers av bakgrunn og generasjonar, styrker fellesskap og gir positive ringverknader lokalt, regionalt og nasjonalt.

Ingen av høgdepunkta hadde vore mogleg utan frivillige eldsjeler, eller utan støtte frå kommunar, fylkeskommune, stat og lokalt næringsliv. At meisterskapa i tillegg har gått med økonomisk overskot, viser kva vi kan få til når vi dreg i same retning.

Frivillig innsats og idretten si rolle i samfunnet er ein del av både fellesskapen og beredskapen vår, verdiar vi ikkje må ta for gitt!

Les også Vestland idrettskrets og Vestland fylkeskommune si oppsummering av saka.