#takkfor

Ungdommane og studentane våre har hatt eit tøft år. Dei har gitt frå seg mange viktige «førstegonger» og har fått kvardagen sin snudd på hodet. Likevel har dei vist ein enorm innsats og dugnadsånd. Og no syns vi dei fortener ein takk frå oss alle.

14
.
June
2021

I møteplassen vår Ungdomsråd på Tvers har vi samla representantar frå alle våre organisasjonar sine ungdomsråd og studentråd, fordi vi tek ungdommens stemme på alvor. Vi spurte ungdommane og studentane våre, kva er de dykk treng frå oss som samfunn i denne rare tida? Svaret kom ydmykt men kontant... "Vi treng anerkjennelse". Og det var startskuddet til #takkfor kampanjen som i dag vert lansert på tvers av våre flotte organisasjonar, under Idrettklynge Vest sin paraply. Pandemitida har vore ekstra utfordrande for dei unge, som har måtte ofra mykje for at vi som samfunn skal kome oss gjennom pandemien. Det dei har ofra kan kanskje virke som småting i eit stort perspektiv, men som i eit ungt menneskes liv, er sjølve livet.

Vi syns dei fortener ein #takkfor innsatsen sin gjennom det siste året. Idrettsklynge Vest jobbar på tvers av idrett, helse, det offentlige og akademia. Og dette er ein perfekt anledning for oss å gå saman om eit viktig bodskap.

Sjekk ut fleire kampanjefilmar på facebook, instagram og Tik Tok.

Kven vil du gje din #takkfor til? 
Del filmen og din #takkfor til elevar, studentar, idrettsungdommar eller andre som du synes fortener ein stor takk.
Hugs å merke innlegget med #takkfor, og tag gjerne @idrettsklynge_vest.

#takkfor at du også støttar denne kampanjen, og gir våre unge og håpefulle den anerkjennelsen dei fortener når dei no skal ta kvardagen tilbake.