Idrætsmødet 2026

Over 1100 deltakarar frå idrett, folkehelse, utdanning og offentleg sektor samla seg i Aalborg då Danmark inviterte til IDRÆTSMØDET 2026. Delegasjonen frå Idrettsklynge Vest reiste heim med ny inspirasjon, sterke faglege møte og fleire tankar om korleis idretten kan vere ein viktig medspelar for inkludering, meistring og deltaking.

Vegard Sandven
20
.
May
2026
Ei gruppe deltakarar frå Idrettsklynge Vest står samla framfor ein fargerik vegg med motiverande tekst under IDRÆTSMØDET 2026 i Aalborg. Deltakarane smiler mot kamera og har konferansepass rundt halsen.

Dagleg leiar i Idrettsklynge Vest, Malene Joensen, presenterer klynga sitt arbeid under IDRÆTSMØDET 2026 i Aalborg. Idrettsklynge Vest delte erfaringar frå fleire tverrsektorielle prosjekt og satsingar under konferansen.

Tre dagar i Aalborg gav både fagleg påfyll, nye relasjonar og verdifulle perspektiv for delegasjonen frå Idrettsklynge Vest. IDRÆTSMØDET har dei siste åra etablert seg som ein av dei viktigaste møteplassane i Danmark for alle som er opptatt av idrett, folkehelse og samfunnsutvikling, og årets konferanse samla over 1100 deltakarar frå heile Danmark.

Programmet spente breitt: frå politiske debattar om ulikskap i helse og idrettens samfunnsrolle, til innlegg om teknologi, frivilligheit, aktivitet for eldre, usynlege behov og nye måtar å bygge bru mellom sektorar på. Samtidig var konferanseområdet fylt med aktivitet, der fleire tusen barn og unge deltok i ulike idretts- og aktivitetsopplegg gjennom dagane.

For Idrettsklynge Vest var det ekstra kjekt å få dele eigne erfaringar og prosjekt med eit internasjonalt publikum.

Birthe Hodnekvam og Magnus Hesjedal Hartwig presenterte prosjektet HeleMeg, medan Vegard Sandven og Birte Barsnes Frøyd delte erfaringar frå prosjektet Aktivitetsguidar på tvers. Malene Joensen presenterte korleis Idrettsklynge Vest arbeider med samhandling og samarbeid gjennom satsinga Styrke i samspel.

– Dette var ein fantastisk konferanse på så mange måtar. Frå ein knirkefri organisering til eit program der innhald, prosjekt og debattar var sett saman med stor omtanke og presisjon. Og kanskje like viktig: lange nok pausar til gode samtalar og til å knyte nye forbindelsar, seier Birthe Hodnekvam.

Ho trekkjer særleg fram kor inspirerande det var å møte så mange som arbeider for å styrke barn og unge si psykiske helse og oppleving av meistring.

– Inspirasjonen frå Idrætsmødet kjem eg til å bere med meg lenge. Det er oppløftande å høyre om innsatsane som blir gjort for at barn og unge skal ha det bra med seg sjølv i ulike arenaer. Vi er mange som jobbar for det same både i Danmark og i Noreg, seier ho.

Birte Barsnes Frøyd sit igjen med eit tydeleg inntrykk av kor sterkt idretten er integrert i dansk samfunnsutvikling.

– Eg fekk inntrykk av at idretten blei sett på som ein viktig og naturleg samarbeidspart for å skape gode fellesskap for alle; både for barn og unge som treng litt ekstra tilrettelegging for å delta, men også for ungdom og vaksne som treng ein veg tilbake til utdanning og arbeid, seier ho.

Ho peikar særleg på kor aktiv rolle kommunane ser ut til å ha i det tverrsektorielle samarbeidet.

– Eit tettare samarbeid mellom skular, kommunale tenester, NAV og idretten hadde vore spennande å få til meir av også i Noreg, legg ho til.

Organisasjonssjef i Vestland Idrettskrets, Randi Marie, meiner konferansen både stadfesta styrken i det som allereie er bygd opp i Vestland, og gav ny motivasjon til vidare arbeid.

– Eg er stolt over kva vi har bygd opp gjennom Idrettsklynge Vest, og det er ekstra stas at danskane let seg inspirere av denne unike samhandlingsmodellen og dei gode tverrsektorielle prosjekta våre, seier ho.

Ho trekkjer også fram sjølve møteplassen som noko heilt spesielt.

– Danskane har verkeleg treft blink med å skape ein fantastisk møteplass for idretts- og folkehelseinteresserte. Det var rett og slett vanskeleg å velje kva ein ville få med seg av foredrag fordi det var så mykje aktuelt, seier ho.

Erfaringane frå Aalborg blir no tekne med vidare inn i utviklinga av nye samarbeidsarenaer på Vestlandet, mellom anna  den felles konferansen Styrke i samspel, som Idrettsklynge Vest utviklar saman med klyngepartnarar Alrek helseklynge og Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi 15. oktober i år.

IDRÆTSMØDET 2026 viste tydeleg kor mykje kraft som ligg i samarbeid på tvers av sektorar, og kor viktig idretten kan vere som arena for deltaking, meistring og fellesskap. For delegasjonen frå Vestland vart turen både ei fagleg påfylling og ei påminning om at mange jobbar mot dei same måla: å skape gode liv og sterke fellesskap for fleire.