Samspelet mellom idrett og helse på dagsorden under Arendalsuka
Under Arendalsuka samla vi aktørar frå idrett, folkehelse og forvaltning til debatten «Forebygging? Ja, takk! Så lenge eg slepp rekninga!».

Panelet
Kan betre samhandling mellom helse og idrett vere det som får fart på førebygginga vi snakkar så mykje om, men investerer så lite i?
Det var eit av spørsmåla som blei debattert av Zaineb Al-Samarai (president i Norges idrettsforbund), Erlend Hanstveit (statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet), Jon Askeland (fylkesordførar i Vestland), Lars Peder Bovim (leiar for Energisenteret for barn og unge, Haukeland universitetssjukehus) og Maja Eilertsen (styremedlem i Folkehelseforeningen).

Kva tar vi med oss frå debatten?
- Vi sit for mykje stille - og det hastar å få fleire med i positive og aktivitetsfremjande fellesskap!
- Det er viktig å vere einige om kva vi snakkar om når vi snakkar om førebygging!
- Mykje av det helseførebyggande arbeidet føregår i andre sektorar enn helsesektoren.
- Tøffe økonomiske tider og harde prioriteringar i stat og kommune gjer at vi må tenke nytt og smart
- Styrke i samspel! Vi må spele kvarandre gode, utnytte kvarandre sine styrkar og lage ringar i vatnet.

Tusen takk til Vestland idrettskrets, Viken idrettskret og Folkehelseforeningen for samarbeidet rundt debatten. Ein særleg stor takk går også til Maja Eilertsen som haldet ei strålande innleiing om kvifor vi må satse meir på helsefremjande- og førebyggande arbeid, og til Lars Peder Bovim som steppa inn som paneldeltakar på kort varsel.

Les Viken idrettskrets si oppsummering av debatten her.
