Studentar bidreg med viktig kunnskap om tretthetsbrudd

To bachelorstudentar i fysioterapi ved Høgskulen på Vestlandet har oppsummert forskinga om risikofaktorar for tretthetsbrudd i korsryggen blant unge idrettsutøvarar.

21
.
August
2025
Mathias Skrettenberg og Fredrik Øvreeide har oppsummert forskinga om risikofaktorar for tretthetsbrudd i korsryggen blant unge idrettsutøvarar.

Bildet henta frå vitnemålsutdeling på Høgskulen på Vestlandet

Mange unge utøvarar får tretthetsbrudd i korsryggen

Den siste tida har fleire unge fotballspelarar opplevd tretthetsbrudd i korsryggen. Møteplassen Talent- og toppidrettsutvikling har difor sett i gong eit forskingsprosjekt som skal undersøke denne utfordringa nærare. Til å hjelpe seg i prosjektet har møteplassen fått støtte av to bachelorstudentar i fysioterapi ved Høgskulen på Vestlandet, Fredrik Øvreeide og Mathias Skretteberg.

Kva er egentlig tretthetsbrudd i korsryggen?

Men før vi får høyre meir om resultata til dei to studentane, må vi få litt betre innsikt i kva eit tretthetsbrudd eigentleg er for noko. Mathias forklarar:

"Eit tretthetsbrudd i korsryggen oppstår når ein virvel i korsryggen over tid blir utsett for høgare belastning enn kva beinstrukturen i virvelen toler".

Fredrik forklarar vidare at det finns det ulike grader av tilstanden, frå det ein kallar eit beinmargsødem, som ikkje er eit faktisk brot - men ein hevelse i beinet, til der ein har eit langvarig brot i beinmargsvirvelen. Å kome i gang med behandling tidleg, før ein har utvikla eit faktisk brot, er difor viktig. Tilstanden krev fleire veker utan deltaking i ordinære kamp- og treningsaktivitetar, og er difor inngripande for unge utøvarar som både har ambisjonar og sin sosiale møteplass på fotballbana.

Fredrik utdjupar:

"Mange veker utan vanleg fotballaktivitet er sjølvsagt svært kjedeleg for ein ungdom som har draumar om å nå langt med fotballen, og som stort sett møter vennene sine på trening".

Bacheloroppgåve om risikofaktorar

Å forebygge er viktig. Mathias fortel:

"Kunnskap om kva som aukar risikoen for tretthetsbrudd er høgst relevant. I oppgåva vår har vi difor dykka systematisk ned i den vitskaplege litteraturen for å sjå kva forskinga seier er risikofaktorar for trøyttleiksbrot hos unge idrettsutøvarar. Vi har lært mykje om både forskingsmetode og om korleis vi kan få kunnskap til å førebygge skadar hos unge utøvarar".

Studentane har gjort systematiske søk i fire vitskaplege databasar, og har på grunnlag av forhandsdefinerte inklusjon- og eksklusjonskriterier funne fem relevante studiar om temaet.

"Studiane peikar på at biomekaniske forhold og vekstfase kan auke risikoen for å utvikle tretthetsbrudd. Men det er viktig å understreke at det er gjort få studiar, og at dei studiane som er gjort i liten grad har sett på faktorar som mange ekspertar meiner er relevante".

Dette fortel Fredrik, før han vidare viser til ein såkalla «Delphi-konsensus», som er ein metode for å samle meiningane og kunnskapen til ekspertar innanfor eit gitt fagfelt. Her forklarar han at ekspertane framhevar fleire faktorar enn det som kjem fram i dei inkluderte forskingsartiklane. Blant anna blir treningsbelasting og ernæringsstatus nemnd som sentrale risikofaktorar.

"Den forskinga vi har funne har sett mest på biomekaniske forhold og enkeltfaktorar. Det kan tyde på at det manglar forsking om andre risikofaktorar og samspelet mellom risikofaktorar for denne utøvargruppa" fortel Fredrik.

Positivt med studentinvolvering

Møteplassleiar for Talent- og toppidrettsutvikling, Morten Kristoffersen, synes studentane har gjort ein god jobb og synes funna er interessante.

"Det passar godt inn i resten av prosjektet som vi er gått i gang med, som nettopp skal kartlegge risikofaktorar for tretthetsbrudd hos unge fotballspelarar. Også er det alltid kjekt å involvere studentar i slike prosjekt – det er lærerikt for dei, og det er lærerikt for oss!"

Fredrik og Mathias synes også det har vore positivt å kunne skrive oppgåve tilknytta eit større prosjekt:

"Vi håper oppgåva vår kan nyttast til å få ei betre oversikt over dei ulike risikofaktorane som kan bidra til utvikling av tretthetsbrudd i korsrygg hos unge idrettsutøvarar, og nettopp bidra til førebygging ute i feltet. Samtidig ønsker vi at oppgåva vår kan bane veg vidare for ulike risikofaktorar ein kan undersøke ytterlegare i forskningsprosjekte" seier Mathias.

Fredrik fortsett: "Det har vore spennande å få være ein del av noko større i samband med bacheloroppgåva. Det gir ein heilt anna motivasjon når ein jobbar for å levere eit produkt som kan ha direkte innvirknad på feltet ved å bidra til meir kunnskap istadenfor å berre skrive ei bacheloroppgåve "for å gjere det"".

Dei avsluttar med å oppmode framtidige forskingsprosjekt til å fortsette å invitere studentar inn!

Vi takkar Fredrik og Mathias for god jobb, og ønskjer dei lukke til i turnusteneste i haust.

Student og lyst til å skrive oppgåve tilknytt eit Idrettsklynge Vest-prosjekt?
Ikkje nøl med å ta kontakt!