Researchers' night: Pust, pes og pause
Saman med Alrek helseklunge, Sammen og Forskningsdagane arrangerte Idrettsklynge Vest årets Researchers Night på byROMMET. I år var temaet pusten!

Pustens veg frå nasetipp til lilletå, forklart på strålande vis av lege Tonje Bårdsen
Pusten er med oss i alt vi gjer, og spelar ei sentral rolle i alt frå avslapping, til stress og trening. Denne kvelden delte hadde vi difor invitert forskarar og praktikarar til å dele deira kunnskap og erfaringar knytt til pusten.

Allsong
Før første innleiar kom på scena, oppmoda konfransier Lene Thowsen Harloff (kommunikasjonsdirektør i Sammen) publikum å stemme i til Nystemten. Pusten er nemleg heilt sentral i song, noko dei nærare 200 frammøtte fekk erfare medan tonane til Bergenssongen fylte lokalet.

Frå nasetipp til lilletå
Det er mange kompliserte steg frå oksygenet vi pustar inn kjem fram til cellene i kroppen vår. Lege ved Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland, Tonje Bårdsen, tok oss med på pusten si reise frå nasetipp til lilletå, og forklarte oss på ein forståeleg måte alt som skjer i kroppen mellom eit innpust og eit utpust.

Hugs kvardagspusten!
Trine Haugen (rådgjevar i Sammen), Per-Einar Binder (Professor ved UIB og psykolog) og Elisabeth K. Steinvik (lege, Haukeland universitetssjukehus), diskuterte kvardagspust og pusteperfeksjonisme. Dei oppmoda oss til å hugse at det ikkje fins ein riktig måte å puste på! Elisabeth, som har skrive boka "Skiff la gå!", kunne også fortelje oss om den spennande koplinga mellom pusten og fordøyingssystemet.

Pust og trening
Kvelden blei avslutta med ein samtale mellom olympisk meister Kristian Blummenfelt og hans tidlegare trenar, Olav Aleksander Bu, phd.-stipendiat Petrine Sollie (HVL) og førsteamanuensis Ann-Katrin Grotle (HVL).
Kristian og Olav Aleksander snakka om korleis dei brukte testutstyr til å leike og lære omkorleis pusten blei påverka av ulike teknikkar, og korleis dette påverkaprestasjonen. Ann-Katrin Grotle fortalte om forskinga si på vinterbading og badstue, og om korleis dette kan påverke både pust og kropp. Petrine forklarte korleis strupen kan påverke pusten under fysisk aktivitet.

Tusen takk!
Tusen takk til konferansier Lene Thowsen Harloff, alle som stilte opp på og bak scena, til publikum, og ikkje minst våre medarrangørar, Alrek helseklynge, Sammen - Studentsamskipnaden på Vestlandet, og Forskningsdagene.


