kVinner i idretten?!: Mastersutøvaren

Torsdag 6.mars var det duka for den siste Balansekonferansen i rekka «kVinner i idretten?!». Denne gongen var fokuset på den kVinnlege mastersutøvaren.

6
.
March
2025
kVinner i idretten: Maters

kVinner i idretten: Maters

Men kven er så den kVinnlege mastersutøvaren?

Jo, det er ho som ikkje lenger går i seniorklassa. Det kan altså vere ho som har vore «i vaksenlivet» ei stund, ho som ikkje har så små born lenger, ho som kanskje er på veg inn i eller forbi overgangsalderen, og ho som begynner å snuse på pensjonisttilværelsen – eller allereie er komt dit. MasterskVinnene er med andre ord ei stor gruppe - som vi treng å ha med i idretten!

Opning frå Ungdomsutvalet

Ingeborg Wåge Møgster og Andrea Nerbøvik Persøy frå Ungdomsutvalet til Vestland Idrettskrets

Konferansen vart opna av dyktige Ingeborg Wåge Møgster og Andrea Nerbøvik Persøy, som begge er representantar i Vestland Idrettskrets sitt Ungdomsutval. Dei sa blant anna at dei ønska å vere idrettsaktive også som masters, og meinte difor at det var viktig at ein fortsette å fremje mastersidrett for kvinner. Dei oppmoda også alle masterskVinner som kunne tenke seg å ta del i idretten, til å bli med - idretten har plass til alle! 

Friidrett for alle - heile livet

Eldbjørg Søvik, leiar av Hordaland Friidrettskrins sitt masterutval

Deretter gjekk stafettpinnen til leiar av masterutvalet i Hordaland Friidrettskrins, Eldbjørg Søvik. Ho forklarte at friidrett er for alle - uansett alder, og gav dei frammøtte innsikt i korleis ein kan legge tilrette for trening og konkurranse på mastersnivå. Ho understreka at ein kan delta sjølv om du aldri har drive med friidrett før. Vidare fortalte ho at det er du som vel kva øvingar du vil trene og konkurrere i, og at det er du sjølv som bestemmer kor mykje og kor tid du vil trene. Og det beste? Det er sosial og gøy!

Kunne du tenke deg å starte opp med friidrett på mastersnivå? Då kan du lese meir her.

Pentanque - ein idrett for alle

Lisbeth Merete Johannesen frå Stord Pentanqueklubb

Vidare fekk vi høyre om den litt meir ukjende idretten pétanque, presentert av Lisbeth Merete Johannesen, aktiv utøvar og VM-deltakar frå Stord Pentanqueklubb. Lisbeth fortalde korleis denne idretten har vakse fram som ein populær aktivitet blant masterskVinner (og -menn) på Stord, og korleis idretten fremjar både sosialt fellesskap, meistring og vennskap blant deltakarane. Lisbeth understreka at pentanque er mogleg å tilpasse til ulike funksjonsnivå. Dette gjer at dei som har slutta med annan fysisk aktivitet grunna helseutfordringar likevel kan vere med.

Er du nysgjerrig på Pentaque kan du lese meir her.

Taekwondo 60+

Rett før pause fekk dei frammøtte sjå film frå forskningsprosjektet Taekwondo 60+. Dette er eit prosjekt ved Høgskulen på Vestlandet som skal undersøke effektene av taekwondo på utøvarar over 60 år. Vi fekk følgje prosjektdeltakar Anne-Kristine «Nanne» Aas gjennom fysiske testar på HVL, og vidare til felles taekwondo-trening Haukelandshallen. Vi fekk også høyre prosjektleiar og førsteamanuensis, Vegard Vereide Iversen, sine tankar om prosjektet.

Her kan du lese meir om prosjektet, og her kan du sjå filmane som blei vist under konferansen.

Det er aldri for seint! 

Dagrun Waag Linchausen

Etter pausa var det Dagrunn Waag Linchausen sin tur. Ho fortalte om korleis ho hadde gått frå ei karriere i næringslivet til å begynne på medisinstudiene i ein alder av 49 år – og til å bli legevaktssjef på Bergen legevakt under Covid-19. Ei inspirerande historie med ei tydeleg oppmoding; Det er aldri for seint!

Lagidrett gjennom heile livet

Trine Skarstein Dalland, dagleg leiar i  Norges Håndballforbund Region Vest

Dagleg leiar i Norges Håndballforbund Region Vest, Trine Skarstein Dalland, tok deretter ordet. Ho fortalte om betydninga av å vere ein del av eit lag, og viste dei frammøtte på inspirerande vis korleis lagidrett kan gje kraft og styrke i livetsopp- og nedturar.

Den mystiske overgangsaderen

Silje Mæland, professor ved Universitetet i Bergen

Sist ut var Silje Mæland, professor ved Universitetet i Bergen. For tida forskar ho på overgangsalderen. Silje peika på at det finst overraskande lite forsking på temaet, trass i at det påverkar halve befolkninga. Det vi derimot veit, er at det er stor variasjon både i kva alder kvinner kjem i overgangsalderen, og i korleis dei opplever plagene. Likevel fins det noko som kan hjelpe dei fleste: fysisk aktivitet. Mæland viste til forsking som peikar på at styrketrening i overgangsalderen ikkje berre kan dempe plager, men også førebyggje beinskjørheit seinare i livet. Og det beste av alt – det er aldri for seint å begynne!

Sofaprat

Kvelden vart, i kjent stil, avslutta med ein sofaprat leia av dyktige Vilde Brodahl, som til dagleg er leiar for Sædalen Idrettslag. Saman med dei to ungdomsutvalmedlemmene, Ingeborg og Andrea, taekwondo-entusiast Anne-Kristine «Nanne» Aas og pentaque-utøvar Lisbeth Merete Johannesen, diskuterte dei kva som må til for å gjere idretten meir tilgjengeleg for masterskVinner. Noko av det dei kom fram til var: 

  • Ha fokus på det sosiale
  • Ufarleggjer idretten
  • Gjer alle dei gode tilboda som fins kjent – også for dei som aldri har drive med idrett før!

Takk! 

Dette varden siste konferansen av tre i konferanserekka «kVinner i idretten?!». Vi vil rette ein stor takk til alle bidragsytarar, frammøtte, til Litteraturhuset og til Sparebanken Norge (tidlegare Sparebanken Vest), som har støtta konferanserekka.

Vi som står bak er allereie i gang med planlegging av ny konferanse - så følg med! 

Sjå opptak av: 

Arrangørar:

Bak konferanserekka "kVinner i idretten" står Vestland Idrettskrets, NFF Hordaland, Norges Håndballforbund Region Vest og Idrettsklynge Vest, som til saman utgjer Balansenettverket. Saman arbeider nettverket for å få fleire kvinner inn i idretten. Les meir om nettverket Balanse på Vestland Idrettskrets sine sider, og følg oss på facebook.