Kroppsøving styrkar laget

Ny leiarduo og fleire nye representantar på plass

2
.
November
2025
Kroppsøving

Bilete frå den praktiske økta under Kroppsøvingsseminaret 2025 (Foto: Åge Lauritzen, HVL).

MøteplassenKroppsøving har i haust styrka laget.
Møteplassen Kroppsøving har styrkt laget denne hausten. Møteplassleiar Håvard Ragnhildstveit i Vestland fylkeskommune har fått med seg Grethe Hillestad frå Vestland idrettskrets, og saman utgjer dei no møteplassen sin nye leiarduo.

– Det er veldig kjekt å få Grethe med på leiarlaget. Ho har vore med i gruppa lenge og kjenner utfordringane vi arbeider med godt. I tillegg samarbeider vi svært godt, seier Håvard.

Leiarduoen i møteplassen Kroppsøving, Håvard Ragnhildstveit (VFLK, foto: Privat) og Grethe Hillestad (VIK, foto: Janne Landås, Vestland idrettskrets).

Leiarduoen har denne hausten også jobba aktivt med å få inn nye representantar i gruppa, etter at Ewyon Saus (Ungdomsrådet i Bergen kommune), Martin Kvalø (kroppsøvingslærar, VLFK) og Ann Helen Odberg (HVL) gjekk ut av møteplassen tidlegare i år. Inn for desse kjem Marta Kvinsland (Ungdomsrådet i Helse Bergen), Joachim Halsør Forthun (kroppsøvingslærar, VLFK) og Bendik Sierra(HVL), i tillegg til representant for grunnskuleeigar,  Inger Johanne Kibsgård (Bergen kommune), og for grunnskulelærarane, Merete Skadal (Kinn kommune).

– Vi skulle gjerne hatt Ewyon, Martin og Ann-Helen med vidare, for dei har gjort ein kjempejobb. Samstundes er eg trygg på at dei nye representantane vil bidra godt og vere med på å skape styrke i samspel. Det er ein veldig bra gjeng, som vi gler oss til å bli betre kjende med, seier Grethe.

I tillegg har møteplassen brukt hausten til å planleggje arbeidet for det komande året. På agendaen står mellom anna revisjon av kroppsøvingsskjemaet, kroppsøvingsseminar, utvikling av kurs for kroppsøvingslærarar og samarbeid med møteplassen Heile laget.

– Vi satsar på eit godt kroppsøvingsår, avsluttar Håvard.

Vi ønskjer den nye leiarduoen og møteplassen lukke til med vidare arbeid.