Ingen hoppar tandem åleine - Ein konferanse om inkludering og meistring

Paraidrett fra breidde til topp har i samarbeid med Ekstremsportveko og Sunnaasstiftelsen arrangert ein konferanse om inkludering og mestring på Voss!

Milena Salazar
12
.
April
2024

Foto: Dmitry Konovalov

Gjennom gripande historiar frå menneske som har gått gjennom tøffe omveltingar i livet, skal me lære kva som kan vere nøkkelfaktorar til meistring. I lag med vener, familie, helsepersonell og moglegheiter i velferdssystemet har dei brote barrierar for å nå dit dei er i dag. På denne konferansen vil me fremja viktigheita av å vere den som gjev støtte når nokon skal ta spranget ut av komfortsona. Fordi ingen hoppar tandem åleine.

Har du ei rolle innanfor helse? Oppvekst? Utdanning? Idrett? Frivilligheit? Politikk? Me ynskjer å samle dykk alle til denne konferansen, fordi samarbeid er viktig for å kunne skape eit meir inkluderande samfunn.

Vi vil gjennom denne konferansen utfordra det etablerte, inspirera til det utenkelege og bryta grenser.

Les meir om program og påmelding her.

Spre ordet, dette vil du ikkje gå glipp av!