I gang med kartlegging av trøyttleiksbrot blant unge fotballspelarar

Kor mange unge fotballspelarar er eigentleg plaga av trøyttleiksbrot? Møteplassen Talent- og toppidrettsutvikling prøvar å finne svaret.

30
.
November
2025
Presentasjon

Masterstudent i fysioterapi ved HVL, Mathias Stangeland, fekk presentere prosjektet på Olympiatoppen sin årlege forskingskonferanse

Kva er eit trøyttleiksbrot?

Trøyttleiksbrot er ein belastningsskade som oppstår når den naturlege nedbrytinga av skjelettet skjer raskare enn oppbygginga, slik at det over tid vil oppstå eit brudd i knokkelen. Ved påvist trøyttleiksbrot blir det anbefalt å redusere belastning og aktivitet i fleire månadar, noko som betyr at ein må stå over trening og kampar over lengre tid.

Kartlegg trøyttleisbrot blant unge fotballspelarar

I vår satt Møteplassen Talent- og toppidrettsutvikling satt i gang eit prosjekt om trøyttleiksbrot. Lokalt har ein nemleg sett ein tydeleg auke av unge fotballspelarar med trøyttleiksbrot i korsryggen. Likevel finst det lite kunnskap om kor utbreidd skaden faktisk er, og kva årsakene til den auka forekomsten kan vere. For å få betre oversikt har prosjektgruppa difor utarbeida ei spørjeundersøking som går til alle spelarar på akademi og kretslag i Noreg i alderen 13-18 år, og til trenarane deira. Målet å kartlegge både førekomst og moglege risikofaktorar for trøyttleiksbrot, slik som treningsbelastning,restitusjon og treningsunderlag.

Spente på resultata

Masterstudent i fysioterapeut ved HVL, Mathias Stangeland, har ansvar for datainnsamlinga, som avsluttast over nyttår. Han er spent på kva ein vil finne:

Vi har høyrt frå trenarar og fagpersonar andre stader i landet at trøyttleiksbroter eit aukande problem også hos dei. Det vil vere nyttig å faktisk få eit tal på omfanget, seier Mathias.

Samarbeid på tvers av sektor og geografi

Mathias sendte i haust eit abstrakt inn til Olympiatoppen sin årlege forskingskonferanse. Abstraktet blei akseptert, og Mathias fekk presentere prosjektet for frammøtte på konferansen. I etterkant av presentasjonen tok ei forskargruppe i Sør- og Øst-Norge kontakt, og prosjektgruppa i Idrettsklynge Vest og forskargruppa ser no på samarbeidsmoglegheiter.

I prosjektet ser vi stor nytte av å samarbeide på tvers av akademia og idretten lokalt. Å samarbeide med dyktige forskarar og praktikarar frå andre stader i landet vil utan tvil også vere med på å styrke prosjektet, seier prosjektleiar og møteplassleiar Morten Kristoffersen.

Vi ser fram til å få resultata frå kartlegginga, og gleder oss til å følge til nye prosjekt som kan bidra til betre kunnskap om korleis trøyttleiksbrot kan førebyggast.  

 

Psst! Ulrikke Norill Kvalvaag (vitenskaplegassistent, HVL), presenterte også sitt masterprosjekt om talentindentifikasjon i fotball. I oppgåva sin fann ho blant anna at modningsstatus, framfor fysisk prestasjon aleine, har betydning for kven som blir selektert til å spele kampar. Det skjer med andre ord mykje spennande forsking omkring talent- og toppidrett i regionen!