Har du eit godt folkehelsetiltak?

I forbindelse med "Folkehelsekonferansen Vest 2024-2025: Vi kan ikkje sitje stille lenger" ønskjer vi å samle inn gode folkehelsetiltak her i Vestland. Har du og dine kollegaer gjennomført eit spennande tiltak de tenkjer andre har nytte å vite om og lære av? Del med oss!

Vegard Sandven
21
.
November
2024

Torsdag 21.november arrangerte vi, saman med våre gode vener i Alrek Helseklynge, Vestland Fylkeskommune og Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest, Folkehelsekonferansen Vest 2024: Vi kan ikkje sitje stille lenger.

Temaet for konferansen var fysisk aktivitet, og gjennom ein spennande praksisstafett fekk vi innblikk i mange gode folkehelsetiltak rundt omkring i regionen.

Men - vi veit det fins mange fleire gode tiltak rundt om i dei vestlandske krikar og krokar. Vi ønskjer å samle alle slike gode tiltak og lage ein "tiltaksbank", kor vi kan inspirere, dele erfaringar og lære av kvarandre.

‍

Har du eit godt tiltak du vil dele? 

Last ned power point malen her, legg inn ditt tiltak, og send utfylt mal til malene.joensen@idrettsklyngevest.no.

Innsendte tiltak vil bli publisert fortløpande på nettsidene til Idrettsklynge Vest.