Fyrste møte i Analyselaget

Skal styrke kunnskapsgrunnlaget om folkehelse, idrett og fysisk aktivitet

Vegard Sandven
4
.
March
2026
Bilde av deltakarar i møteplassen Analyselaget. Bilde er eit skjermbilde av eit Temas møte.

Fredag 13. februar vart alt anna enn ein ulykkesdag. Då gjekk nemleg det første møtet i den nyetablerte møteplassen Analyselaget av stabelen. Nysgjerrig på kven som er med? Sjekk nederst i saka

Målet med Analyselaget er å vidareutvikle og styrke kunnskapsgrunnlaget knytt til folkehelse, idrett og fysisk aktivitet i Vestland. Møteplassleiar William Hazell frå Bergen kommune understrekar at detallereie blir gjort mykje godt arbeid på feltet:

– "Det finst mykje god kunnskap og mange solide datakjelder i Vestland. Gjennom Analyselaget ønskjer vi å sjå desse i større samanheng og bli endå betre på å nytte dataa saman, slik at vi kan få endå meir verdi ut av arbeidet som allereie blir gjort", seier Hazell.

Eit konkret tema gruppa vil arbeide med, er korleis ein kan samordne datainnsamling betre. Det kan mellom anna bidra til å redusere såkalla «spørjeskjemafatigue», at folk blir lei av å svare på undersøkingar, og dermed gjere det enklare for fleire å delta.

Hazell peikar også på at samarbeidet kan gi betre innsikt i ulike målgrupper:

"Når vi utviklar spørsmål og parameter saman, kan vii større grad sikre at vi fangar opp dei behova og perspektiva som finst i ulike organisasjonar og i ulike delar av befolkninga".

 

Det første møtet var prega av gode diskusjonar og spennande tankar om kva gruppa skal gå i gang med. Personvern og deling av data, vidareutvikle modellar for økonomisk effekt av folkehelsetiltak og gjere data meir brukarvennleg og tilgjengeleg, var nokre av ideane som vart nemnd.

Vi ser fram til fortsetjinga og ønsker lukke til med vidare arbeid!

 

Medlemmar i Analyselaget:

William Hazell, seksjonsjef, Seksjon for plan og analyse, Byrådsavdeling Næring, kultur og idrett, Bergen kommune

Erling Benjaminsen, Økonomikonsulent, Vestland idrettskrets

Stine Emilie Konradsen, Seniorrågiver, Idrett og friluftsliv, Vestland fylkeskommune

Eivind Aadland, Professor, Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Høgskulen på Vestlandet

Frida Mathisen, Postdoktor, Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Universitetet i Bergen

Pål Ove Vadset, leiar, seksjon for helsetenesteutvikling, Helse Bergen

Margrethe Lundegård, Seniorrådgiver folkehelse, seksjon plan og utvikling, Byrådsavdeling for eldre, helse og omsorg, Bergen kommune