Første møte i regionalt arrangementsnettverk
Eit nettverk for kompetanseutvikling og erfaringsdeling for arrangørar av større idrettsarrangement i Vestland.

Kick-off-møtet vart avslutta med finalar i Bergen Swim Festival i Ado Arena
Møteplassen Arrangementskompetanse samla arrangørar frå heile Vestland til det aller første nettverksmøtet i Regionalt arrangørnettverk fredag 17. april. Det nye nettverket er etablert som ein fagleg arena for kompetanseutvikling, samarbeid og erfaringsdeling mellom arrangørar av større idrettsarrangement i regionen.

Oppstartsmøtet samla både erfarne og nye arrangørar, og programmet spegla breidda i regionens arrangementskompetanse:
- Opning ved Reidar Digranes, byråd for næring, kultur og idrett i Bergen kommune
- Bakgrunn for nettverket ved Arve Lindgren, møteplassmedlem og arrangementsdirektør i Visit Bergen
- Erfaringar frå Ekstremsportveko ved Georg Hernes, Head of sports i Ekstremsportveko
- Innsyn i arbeidet med EM U23 i friidrett 2025 ved Amalie Gjeraker, arrrangementskoordinator U23EM
- Bergen Swim Festival – helgas store høgdepunkt ved Erik Kubon Halvorsen, daglig leder Bergen Vest Svømmeklubb


Foredraga gav innblikk i kva som krevst for å løfte store arrangement, med særleg fokus på korleis ein kan arbeide for å rekruttere og behalde frivillige. Under møtet blei det også satt av god tid til diskusjon og prat mellom deltakarane, og både nyttige erfaringar og gode idear blei delt.

Besøk hos Bergen Swim Festival
Etter møtet gjekk deltakarane vidare til AdO Arena for å oppleve Bergen Swim Festival på nært hald. Her fekk nettverket sjå nokre av verdas beste symjarar i aksjon og oppleve den gode stemninga i AdO Arena.
Arrangementskompetanse rettar ein stor takk til Stevne Bergen AS og Bergen Swim Festival for godt samarbeid i samband med møtet, og ikkje minst for å skape eit imponerande arrangement gjennom heile helga.

Vi gler oss til fortsetjinga
Møtet viste tydeleg at regionen sit på eit sterkt og engasjert arrangørmiljø. No ser vi fram til vidare nettverksmøter, meir deling av erfaringar – og fleire store idrettsopplevingar i Vestland.



