Første møte i møteplassen kVinnelaget
Vil styrke jenter og kvinner si deltaking i samfunnet

Eit godt første møte i møteplassen kVinnelaget
Fredag 6. februar møttest sju representantar til det første møtet i den nyetablerte møteplassen kVinnelaget, på Rådhuset i Bergen. Møteplassen er ei ny satsing i Idrettsklynge Vest og har som mål å bidra til at alle jenter og kvinner kan delta aktivt i samfunnet.
kVinnelaget består av representantar frå organisasjonane i Idrettsklynge Vest, med brei kompetanse innan folkehelse, idrett, (kvinne)helse, undervisning og forsking.
Nysgjerrig på kven representantane er? Sjå nederst i saka!
Det første møtet blei brukt til å bli betre kjent og til å diskutere kvifor det er behov for ein slik møteplass. Møteplassleiar Ann-Katrin «Anka» Grotle peikar på at jenter og kvinner framleis er underrepresenterte på fleire viktige arenaer i samfunnet.
– Vi veit til dømes at det er færre kvinner enn menn i styre- og leiarposisjonar i idretten, at jenter ofte blir undervurderte, og at kvinnehelse i liten grad har vore forska på. Tema som menstruasjon og pubertet, graviditet og barsel, og menopause er framleis lite snakka om, særleg i samanheng med fysisk aktivitet og idrett. Her treng vi meir kunnskap, formidling og utvikling av tiltak, seier Grotle.

Ho understrekar samtidig at kVinnelaget ikkje skalstakkarsleggjere kvinner, men løfte fram ressursane deira.
– Målet er ikkje at kvinner skal synast synd på, eller vere betre enn gutar. Vi ønskjer likestilling, at kvinner og menn blir møtt med dei same forventningane, ressursane og moglegheitene.
Vidare fortel Grotle at det allereie finst mange gode initiativ i Vestland og resten av landet som jobbar med liknande tematikk.
– I første omgang ønskjer vi å kartleggje desse initiativa. På sikt kan ei viktig rolle for møteplassen vere å kople aktørar og tiltak der det er relevant.
Vi ser fram til å følgje arbeidet i kVinnelaget vidare og ønskjer møteplassen lukke til.
Møteplassmedlemmer:
- Ann-Katrin ”Anka” Grotle, førsteamanuensis, Institutt for idrett, kosthold og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, HVL.
- Helen Koldal, seniorrådgiver, seksjon for kommuneoverleger, Byrådsavdeling for eldre, helse og omsorg. Administrativ ressurs i DRIV – senter for kvinnehelseforskning.
- Hanne Espe, einingsleiar idrett og friluftsliv, Vestland fylkeskommune.
- Vilde Lerhaugen, fysioterapeut, Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
- Pia Mørk, regionsleder Olympiatoppen Vest
- Bodil Ryste, rådgjevar idrettsfag, Vestlandidrettskrets
- Nina-Margrethe Theodorsen, fysioterapeut og førsteamanuensis, Institutt for global helse og samfunssmedisin, Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen


