Er du, eller har du lyst å bli paraidrettsutøvar?
Bli med på MoveUpCrew kvar onsdag på HVL campus Kronstad!

Foto: Alexander Eriksson / Norges idrettsforbund
MoveUpCrew er ei nyoppstarta gruppe for unge menneske i alderen
10-30 år med fysiske funksjonsnedsetjingar eller synsnedsetjingar, og som driv med, eller ønsker å starte med organisert idrett.
Stad: Høgskulen på Vestlandet campus Kronstad, L-bygget(Idrettsbygget)
Tid: Kvar onsdag kl. 17.30-18.30
Oppstartsdato: 7.januar 2026
Målgruppe:
Unge mennesker i alderen 10-30 år med fysiske funksjonsnedsettelser eller synsnedsettelser som driver med, eller ønsker å starte med organisert idrett.
Kva?
Lystbetont basistrening leia av fagperson frå Olympiatoppen Vest i samarbeid med fysioterapistudentar ved Høgskulen på Vestlandet.
Treningen tfor de yngste skal bære preg av lek og lekbaserte konkurranser, gjerne i lagform. Utøverne skal utfordres på vanskelige bevegelsesoppgåver, samarbeid, lære å jobbe mot hverandre og individuelt. Den eldre guppen, kan starte med mer strukturert trening rettet mot å tåle belastning ut fra krav i deres idrett.
Gode relasjonar i gruppa skal leggje til rette for at deltakarar som enno ikkje har funne «sin» idrett, får høve til å prøve ulike idrettar saman med dei andre. Slik blir miljøet både ein inngang til idretten, ein rekrutteringsarena og ein stad der ein kan utforske fleire idrettar over tid.
De som finner ut at idrett og konkurranse er noe de brenner for, vil følges opp videre i Olympiatoppens system.
Korleis?
Du blir delt opp i gruppe etter alder.
- Gruppe 1: 10-15 år.
- Gruppe 2: 16-30 år.
Treninga for dei yngste er prega av leik og leikbaserte konkurransar, gjerne i lagform. Utøvarane utfordrast på bevegelsesoppgåver og samarbeid. Treninga for den eldste gruppa er meir strukturet og retta mot at utøvaren kan tåle krava i sin idrett.
Øktene vil leggast opp på følgande måte:
- 15 min felles oppvarming
- 45 min hovuddel. Her vil gruppene vere delt.
- 15 min avslutning med ei utfordring/gruppekonkurranse.
Praktisk informasjon:
- Treningshallen er i første etasje og tilrettelagt for rullestol.
- Der er eiga HC-garderobe og HC-toalett i nærleiken til treningshallen.
Kvifor delta?
Fysisk aktivitet har stor betydning for både fysisk og mental helse. Samstundes veit vi at det kan vere utfordrande å finne ein aktivitet som passar – særleg for barn og unge med funksjonsvariasjonar. Difor inviterer vi til ei vekentleg treningsøkt med fokus på meistring, rørsleglede og tilpassa utfordringar.
Målet er å stimulere til auka deltaking og meistring i organisert idrett. Den vekentlege økta skal vere ein trygg og inkluderande inngang til fysisk aktivitet, og samstundes fungere som ei bru mellom dei som er i oppstartsfasen og dei mange gode tilboda som allereie finst.
Vi får ofte tilbakemeldingar om barn og unge med fysiske funksjonsvariasjonar som ønskjer å drive med idrett, men som synest det er vanskeleg å orientere seg i tilbod og moglegheiter. Samtidig veit vi at det finst mange gode idretts- og aktivitetstilbod i området. Denne treningsøkta skal bidra til å knyte desse saman.
Vi ønskjer at alle som har lyst til å vere i fysisk aktivitet saman med andre, skal få støtte og rettleiing til å kome i gang. Ved å byggje eit inkluderande miljø for paraidrett i Bergen og på Vestlandet, håpar vi å gjere vegen inn i idretten, og mellom ulike idrettar, både kortare og kjekkare. Miljøet skal vere prega av rørsleglede, tryggleik og gode relasjonar på tvers av idrettar.
Vil du bli med? Registrer deg her.
Har du spørsmål? Kontakt Iwonka: iwonka.vik@olympiatoppen.no
Arrangørar:
Olympiatoppen Vest isamarbeid med Høgskulen på Vestlandet, Haukeland Universitetssjukehus og Idrettsklynge Vest


