Det er aldri for seint!
Fysisk aktivitet og trening for eldre!

18.september arrangerte møteplassen Fysisk aktivitet og trening for eldre og Alrek helseklynge eit halvdagsseminar om trening foreldre på Høgskulen. Seminarrommet var fylt opp av både studentar, folk som jobba i helse og det frivillige, forskarar og pensjonistar.

Trygve Bruun Endal, fysioterapeut ved Solli DPS og PhD.-stipendiat ved NTNU, forklarte kva effekt trening har på hovud og kropp hos eldre. Han var klar på at det viktigaste ikkje er kva ein gjer, men at ein gjer noko!

Førsteamanuensis Vegard Vereide Iversen snakka om Taekwondo 60+-prosjektet. Dette er eit prosjekt kor dei har undersøkt kva effekt taekwondo har på eldre over 60 år, som aldri har drive med taekwondo før. Deltakarane får testa bl.a. balanse, muskelstyrke og kondisjon på Høgskulen på Vestlandet før og etter ein periode med vekentlege taekwondo-treningar i Haukelandshallen. Forskarane ser at taekwondo har effekt på både muskelstyrke og balanse, og deltakarane i prosjektet seier at taekwondo også trenar hovudet. I tillegg er det sosialt og gjev meistringskjensle, nokosom gjer at trivselen på treningane er høg!

Gåfotball er eit nytt tilbod i Norges Fotballforbund, og noko fleire klubbar har starta opp med. Ein av desse klubbane er FK Bergen Nord. Styreleiar Bjørnar Støylen Sæhle gav oss innsikt i kva gåfotball er, og korleis dei har organisert det i klubben. I gåfotball har ein ikkje lov å springe, ein har berre seks spelarar kvart lag (og målvakta kan kun vere innanfor eige målfelt!), det er ingen offside, og ballen kan ikkje kome over hovudhøgde! Klikk her for å sjå resten av reglane til gåfotball.
Gåfotball er særleg populært for dei som har spelt fotball tidlegare, men som har ein kropp som gjer at det er utfordrande å henge med på farten i «vanleg» fotball. Dei som deltek synes det er kjempegøy!
Gerd Tiller, styremedlem i Seniordans Hordaland, fortalte om det landsdekkande tilbodet Seniordans. I følgje ho er det god trening for både hovud og kropp, og er i tillegg veldig sosialt! I tillegg til pardans og stoldans, er felles utflukter ein viktig del av seniordans. Seniordans passar særleg godt for dei som er glad i musikk og rytme.
Takk til alle som stilte, og ikkje minst til møteplassleiar og konfransier Bård Bogen.


