Talent- og toppidrettsutvikling
I Vestland har vi eit stort idrettsmiljø med mange noverande og kommande idrettsstjerner. Vestland kan vise til storeidrettsprestasjonar og førebildelige talent og utøvarar som held eit høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. I møteplassen Talent- og toppidrett arbeidar vi for at våre komande og noværande toppidrettsutøvarar skal ha best mogleg forutsetningar for å lukkast i sin idrett.
Toppidretten har ein unik evne til å engasjere og inspirere. Den skapar førebilete som motiverer barn og unge til å vere aktive, sette seg mål ogdrøyme stort. Når vestlandske utøvarar presterer godt i store meisterskap som OL, Paralympics, VM og EM, eller kvalifiserer seg og når langt i internasjonale lagkonkurransar, skapar det stoltheit og fellesskap, både lokalt og nasjonalt. Idrettsprestasjonar samlar folk, styrkjer identitet og skaper verdi langt utover resultattavla. Samtidig er satsing på talentutvikling heilt avgjerande for å sikre framtida til idretten. Ein kan ikkje få ein berekraftig toppidrett utan langsiktig og systematisk arbeid med unge utøvarar. Gode utviklingsmiljø gir fleire sjansen til å realisere sitt potensial, og dei bidreg òg til å halde fleire i idretten – også dei som ikkje når heilt til topps. Breidde og topp heng saman; når fleire blir ivaretatt i gode miljø, blir også rekrutteringa til toppen sterkare.

