Arrangementskompetanse

Møteplassen Arrangementskompetanse er ein nettverksplass kor ein arbeider med å vidareutvikle Bergen og Vestland som arrangementsvertskap med vekt på internasjonale, nasjonale og lokale store arrangement.

Korleis kan ein auke kompetansen i regionen for innhenting og gjennomføring av større og mindre lokale, regionale, nasjonale og internasjonale arrangement i Vestland fylke? Korleis kan ein halde høg kvalitet innan arrangement?

Dette krev god infrastruktur, anlegg, arena og andre arrangementsområder av høg kvalitet, og arrangørar med god kompetanse innan gjennomføring, strategisk og god planlegging, forhandlingar, språk og media. Knytt til dette følgjer også utvikling av evalueringsarbeid og ringverknadsanalysar. Her står dei samfunnsøkonomiske elementa sentralt.

Erfaringsutveksling og kompetansedeling blant arrangørar innan idrett, friluft, kultur og næring er særskilt viktig i arbeidet med å nå målet for auka arrangementskompetanse i regionen. Styrke i samspel!

Målsettingar

  • Vidareutvikle Bergen og Vestland fylke som arrangementsvertskap med vekt på internasjonale, nasjonale og lokale store idretts- og friluftsarrangement gjennom strategi- og påverknadsarbeid, kompetanseoverføring, utviklingsarbeid, lokal, regional og nasjonal forankring og arena- og anleggsutvikling.
  • Kompetanseutvikling gjennom å dele erfaringar frå større regionale, nasjonale og internasjonale arrangement innan idrett, friluft, kultur og næring.
  • Gjennomføre seminarer og møteplassar for arrangørar for kompetanseutvikling og deling av erfaring.
  • Strategiutvikling i høve til å få tildelt aktuelle arrangement og å skape nye arrangement.
  • Påverke nasjonalt utviklingsarbeid innan fagfeltet.
  • Evalueringsarbeid og ringverknadsanalysar.
  • Identifisere og ta i bruk verktøy.
  • Anlegg- og arenautvikling

Involverte

Britt Karen Spjeld

Vestland fylkeskommune
britt.karen.spjeld@vlfk.no

Frank Tore Farsund Tveit

Vestland fylkeskommune
frank.tore.farsund.tveit@vlfk.no

Kjersti Halvorsen

Bergen kommune
kjersti.halvorsen@bergen.kommune.no

Frode Karlsen

Bergen kommune
frode.karlsen@bergen.kommune.no

Trygve Johnsen

NHF Region Vest
trygve.johnsen@handball.no

Arve Lindgren

Visit Bergen
arve@visitbergen.com

Narve Heggheim

Vestland Idrettskrets
Narve.Heggheim@idrettsforbundet.no

Åsmund Fryjordet Elgsem

Sportsklubben Brann
aasmund@brann.no