Stort engasjement for seminar i sponsorarbeid

Møterommet på Åsane arena vart fylt, med mange på venteliste då møteplassen arrangementskompetanse arrangerte seminar i sponsorarbeid.

10
.
March
2023

Sponsorarbeid er essensielt for å skapa eit godt grunnlag for betre aktivitetstilbod i frivilligheita og for idretten generelt. Oppslutninga på seminaret viser at dette er eit tema som er etterlengta og engasjerer.

Lars Brockstedt Svendsen frå Sponsor Insigth Norge presenterte resultat frå ein undersøking av det norske sponsormarkedet og kva ein basert på dette bør tenkje på i sponsorarbeid. Neste ut var Øyvind Harkestad frå Sparebanken Vest som fortalte om Sparebankens perspektiv og arbeid med sponsing, samt kva dei ser etter i eit sponsorat. Eddie Ebbesvik frå Hordaland Fiidrettskrets belyste sponsorvirksomheit frå motakaren sin side.

Hovedbodskapet frå seminaret er at frivilligheita og idretten må være merksamnd på at sponsorarbeid handlar om kva begge partar kan gi kvarandre og at sponsorarbeid krev at ein er godt forbereda.

Heile seminaret kan du sjå her

Idrettsklynge Vest tar utfordringen og det vil bli fleire samlingar om tematikken i framtida.