Vellykka temakveld om idrett og eteforstyrringar

Det er stort strekk i idretten når det gjeld kunnskap om og kompetanse i å handtera bekymringar eller sjukdom relatert til eteforstyrringar.

Pål Hafstad Thorsen
27
.
September
2023

Onsdag 20.09.23 arrangerte Idrettsklynge Vest i samarbeid med Olympiatoppen Vest temakveld om idrett og eteforstyrringar. Målgruppa var utøvarar, foreldre,trenarar og leiarar i idrettsrørsla. Arrangementet vart lagt til Media City Bergen på kveldstid for å leggja til rette for at fleire fekk med seg programmet og dessutan at det vart gjort opptak av temakvelden som er tilgjengeleg her.

Me ønskjer at opptaket skal kunna nyttast til personleg kunnskapsheving eller som ein bidragsytar til kompetanseheving i idrettslag og organisasjonar.

Talet på menneske med ei eteforstyrring har auka dei siste åra, særleg under og etter pandemien. Så stort har problemet vorte, at Helsedirektoratet kallar det eit folkehelseproblem for barn og unge, også i idretten. Eteforstyrringar kjenner ingen grenser og strekkjer seg frå breidde-, talent- og toppidrett. Samtidig er det eit stort strekk i laget når det gjeld kunnskap om og kompetanse i å handtera bekymringar eller sjukdom.

Målet med temakvelden var derfor å dela kunnskap! Vi ønsket å senka terskelen, styrkja førebyggingsarbeidet, gjera det lettare å snakka om - og finne verktøy og hjelp til - å handtera når idrett og eteforstyrringar blir ei problemstilling.

MarianneC. Håheim (interessepolitisk rådgivar ROŠ) gav eit innblikk i kva barn og unge blir utsett for av påverknad, impulsar og algoritmar i samfunnet generelt og sosiale medium spesielt. Ho har vore deltakar i innovasjonsprogrammet EnAvTi og delte relevant innsikt frå dette.

Pia og Lotte Mørk Andreassen delte refleksjonar rundt korleis det er å vera ung (vaksen) i eit samfunn med sterke inntrykk og impulsar som påverkar sjølvkjensla. Saman underbygde dei sterkt det innblikket Håheim gav oss i kva som bidreg til å påverka barn og unge.

Hovudinnleiar Heidi Holmlund (ernæringsfysiolog Molde FK) heldt foredrag om det å utvikla robuste og tryggja utøvarar innan temaet mat, kropp og vekt. Kva me kan gjera om ein utøvar er i startfasen på å utvikla ein eteproblematikk og korleis ein jobbar med dette i toppidretten.

Etter ein kort pause overtok Pia Mørk Andreassen (dagleg leiar Olympiatoppen Vest) som fortalde om kompetanse og tilbod og korleis dei jobbar for å førebyggja eteforstyrringar og handtera når det har vorte eit problem. Ho melde at OLTV kan bidra til å styrkja idretten på Vestlandet i arbeidet og at breiddeidretten også kan ta kontakt for rettleiing og hjelp.

Asle Halvorsen (psykolog, regional avdeling for eteforstyrringar ved Haukelanduniversitetssjukehus) gav råd om korleis me kan setja ord på bekymringane, snakka om eteforstyrringar og komma forbi berøringsangsten for problematikken.  

RebeccaSandal (Frisklivssentralen) informerte om sjølvhjelpsverktøyet «Tankevirus». Ho leverte våren 2023 masteroppgåve med tema ønske om langvarig hjelp medovereting, og informerte om tilbodet til Frisklivssentralen.

Temakveldenvart avslutta med ein panelsamtale der foredragshaldarane deltok og svarte påspørsmål frå salen. Det var engasjerte spørsmål og innlegg frå utøvarar,foreldre, trenarar og leiarar i idretten og det vart veldig klart og tydeleg atdet er behov for meir informasjon ut til breiddeidretten.

Idrettsklynge Vest ønskjer å bidra i dette arbeidet saman med Vestland Idrettskrets og Olympiatoppen Vest og vil setja temaet på dagsordenen i fleire møteplassar i tida framover.

Møteleiar Pål Hafstad Thorsen, Idrettsklynge Vest
Marianne C. Håheim, interessepolitisk rådgiver ROS
Lotte og Pia Mørk Andreassen
Ernæringsfysiolog Heidi Holmlund
Ernæringsfysiolog Heidi Holmlund
Pia Mørk Andreassen, dagleg leiar OLTV
Asle Halvorsen, psykolog regional avd. eteforstyrringar Haukeland Universitetssykehus
Rebecca Sandal, Frisklivssentralen i Bergen
Panelsamtale med foredragsholderne