Skrivestipend tildeling
To dyktige masterstudenter frå kvart sitt fagfelt har fått skrivestipend!
![](https://cdn.prod.website-files.com/601a99af108eb6e27b12c801/60defb7224c063d6c7d4eaa3_regina%20og%20karolin.jpg)
Karolin Moberg er sosiolog og har skrive masteroppgåve ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Karolin har undersøkt korleis eit utval gutar på vidaregåande skule balanserar tidsbruk tilknytta dataspel og skulearbeid.
Regina Hamre har skrive masteroppgåve ved HEMIL senteret, psykologisk fakultet, Universitetet i Bergen. Regina har undersøkt kva som skil ein avhengig spelar frå ein engasjert spelar og korleis søvnhelse påverkast av dette.
Idrettsklynge Vest er stolt over å kunne bidra til å løfte desse to masteroppgåvene opp til vitenskapelige publikasjonar gjennom våre skrivestipend knytta til gaming og e-sport i 2021.
Vi gratulerer mottakarane!
Det vil komme oppdateringar undervegs her, på www.aktivegamere.no og i sosiale media. Les utlysninga av stipendet her.